Austevoll kommune

Ny næring av gamal berggrunn?

Kan eldgamle mineralar og bergartar bli eit nytt reiselivseventyr for Austevoll og Sunnhordland?

Klikk for stort bileteSvinekalven ved MøksterSvinekalven ved Møkster er ein attgløymt bit av Amerika. I Sunnhordland, der øyer og holmar elles består av ein halv milliard år gamal havbotn, finn ein her ein liten bit av det mykje eldre Laurentia-kontinentet. Kontinentet me i dag kjenner som Nord-Amerika.
 
Raugholmen sør for Bekkjarvik er også ein geologisk sjeldanheit. Her kan du rett og slett gå på ein bit av jordas indre. Holmen består for det meste mineralet olivin, som er rikt på jern og magnesium. Den karakteristiske brunfargen skuldast at jernet i minerala forvitrar og rustar.

Kan den rike geologiske historia til Austevoll og dei andre kommunane i Sunnhordland vere starten på eit reiselivseventyr for regionen?
 
Ja, meiner Brynjar Stautland. Stautland er prosjektleiar for Geopark Sunnhordland som jobbar med å gje Sunnhordland status som ein global geopark med medlemskap i UNESCO Global Geoparks.
 
- Å bli medlem i UNESCO vil gi Sunnhordland verdas mest anerkjente kvalitetsstempel som reisemål, seier Brynjar Stautland.
 
I går presenterte han prosjektet i eit digitalt møte for medlemar av Austevoll Næringsråd og Visit Austevoll.
 
 - Geologien i Sunnhordland er utruleg rik, variert og har prega kulturen vår anten det gjeld reiskapar, kommunikasjon, mat, tradisjon og næringsliv. Linja går frå dei første menneska som busette seg her for 11.300 år sidan og til oljefunna på Utsirahøgda i vår tid.
 
Det er ny næring i gamle steinar. Stautland viste mellom anna til at reiselivsaktørar legg stor vekt på kva ei tilknyting frå UNESCO betyr.
 
- Rasmus Sunde i Fotefar Temareiser seier rett ut at dei vel destinasjonar med UNESCO-status. Det er til slike plassar dei sender turistane sine.

Klikk for stort bilete 
Sunnhordland har allereie fått status som norsk geopark. Prosjektet Geopark er eit underbruk av Samarbeidsrådet for Sunnhordland. I samband med UNESCO-søknaden held ein på med å etablere Geopark Sunnhordland som ein eigen organisasjon.
 
Morten Storebø er styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland og inviterte til gårsdagens informasjonsmøtet. Han seier at samarbeidsrådet jobbar med å finne ut korleis geoparken skal organiserast og korleis den skal finansierast.
 
- Både Austevoll og dei andre kommunane må finne ut korleis dette gagnar dei og næringslivet i sine kommunar, og det større bildet for Sunnhordland som reisemål. Viss dette skal lukkast og kommunane skal bidra med pengar så må det vere godt forankra i kommunane og dei må ha eit sterkt eigarskap til prosjektet.
 
15. oktober i fjor fekk Austevoll formannskap ei orientering om Geopark Sunnhordland og arbeidet med å få UNESCO-status.
 
- Basert på tilbakemeldingane frå formannskapet så verkar det å vere tverrpolitisk interesse for prosjektet, men det er enno ikkje fremja ei sak eller fatta noko vedtak, seier Morten Storebø.
 
- Tilbakemeldingane frå næringsrådet og Visit Austevoll i går var udelt positive. Dei ønskjer å vere med. Det er viktig for å forankre dette lokalt, og sjølvsagt noko som me tar med oss i den politiske behandlinga.
 
På fredag har Samarbeidsrådet for Sunnhordland invitert kommunestyrerepresentantar i alle dei åtte kommunane til eit informasjonsmøte. I etterkant av dette skal rådsmøtet i Sunnhordland bestemme seg for vegen vidare.

Last ned presentasjon av Geopark Sunnhordland. (PDF, 34 MB)