Austevoll kommune

Ny reguleringsplan for næringsbygg

Klikk for stort bilete

Utval for plan- og byggesaker godkjente i dag ny reguleringsplan for næringsbygg ved Indreholmsvegen på Haugland. Planen opnar for fem nye næringstomter.

Reguleringsplanen er på 18 mål og området ligg på nordsida av fylkesveg 546, Indreholmsvegen. Planen inkluderer to eksisterande bygg, Austevoll Bygg og Tess, og opnar for fem nye næringstomter. Det er ikkje lov med verksemd som blir ei belasting for nærmiljøet i form av støy, lukt, røyk eller anna forureining.

Planen inneheld blant anna også ny gang- og sykkelveg knytt til busshaldeplassen, og busskur, på nordsida av vegen.

I hovudsak er denne reguleringsplanen i tråd med kommuneplanen. 

Vedtak om å starte opp planarbeidet blei fatta 14. mars i fjor. Forslagsstillar til planen er Austevoll Bygg Eiendom AS, og Abo Plan og Arkitektur Stord AS er ansvarleg søkar.

Her kan du lese saksutgreiinga.

Les alle dokument i saka her.