Austevoll kommune

Ny styreleiar i Austevoll ASV AS

Klikk for stort bilete

Mons-Ove Hauge er formelt valt til styreleiar i Austevoll ASV AS. Han har fungert som styreleiar dei siste åtte månadane. Helge Vestrheim går inn som nytt styremedlem i selskapet.

Mons-Ove Hauge overtar etter Robert Pettersen. Sidan Pettersen blei sjukemeldt i oktober har Hauge dessutan fungert som styreleiar. 

Helge Vestrheim er valt til nytt styremedlem i selskapet. I tillegg er Velaug Henriksen og Grethe Drønen Ringdal attvalde som styremedlemmar.

Austevoll ASV AS er eit viktig selskap med tiltaksplassar innanfor varig tilrettelagt arbeid, arbeidstrening, og tenester som vaskeri, kantine og reinhald. Verksemda er organisert som eit aksjeselskap som er heileigd av Austevoll kommune. Det er ordførar som er generalforsamling i selskapet.

Etter dagens generalforsamling er det dette som er styret i Austevoll ASV AS:

  • Mons-Ove Hauge (styreleiar)
  • Grethe Drønen Ringdal
  • Rolf Tore Hellesøy
  • Velaug Henriksen
  • Vivian Bjånesø Horgen
  • Kari Heggholmen
  • Helge Vestrheim

Andre styreval

I april blei Edvard Johannes Stangeland attvald som styremedlem i SIM IKS.

I mai blei Marianne Møgster valt som varamedlem til styret i selskapet Hordfast AS, som Austevoll kommune nyleg blei medeigar i.

Her kan du lese papira frå kommunestyret 26. april, då kommunen vedtok å bli medeigar i Hordfast AS.