Austevoll kommune

Ny tildelingsrunde av kulturelt utviklingsprogram (KUP) hos Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune delar ut 7,2 millionar kr til større satsingar i kulturlivet gjennom kulturelt utviklingsprogram (KUP).

Kulturelt utviklingsprogram er for utviklingsprosjekt og -tiltak innan kunst- og kulturfeltet. Gjennom programmet støttar Vestland fylkeskommune nyskapande og målretta utviklingsprosjekt, som er initierte av kulturlivet sjølv.

Det er også høve om å søkje støtte til prosjekt innan idrett og friluftsliv. Til saman 500 000 kr kan kvart år løyvast til tiltak på desse to felta.  

Offentlege eller private organisasjonar eller institusjonar kan søkja støtte frå KUP. Utøvarar med registrerte einskildføretak kan også søkja.

Søknadsfrist 20. august 2021.

Les meir og søk her!