Tilskot til mangfald- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

 

Det er opna for ny søknadsrunde i tilskotsordninga til mangfalds- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet.

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar tilskotsordninga som skal legge til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet. Det kan gjevast tilskot til prosjekt eller til å få dekka eingongsutgifter i 2023 og 2024.

Fristen for å søke på ordninga er 16. Februar 2023 , klokka 13.00.

Det er frivillige lag og organisasjonar, og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søke tilskot. Idrett og fysisk aktivitet kan vere både organisert idrett og eigen organisert idrett og fysisk aktivitet, som for eksempel friluftsliv.

Tiltaka skal rettast mot målgruppa for ordninga:

  • Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande låg inntekt.
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplev barrierar.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
  • Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.

Les meir om ordninga og korleis du kan søke her.