Ta kontakt med Austevoll pleie- og omsorgssenter for å avtale besøkstid. Besøksvertane vil sørge for at smitteverntiltak blir følgt opp.
Bur du i ein omsorgsbustad kan du ha besøk i bustaden din. Fellesareala skal ikkje bli nytta av gjestar av omsyn til dei andre bebuarane i omsorgsbustadene.
Søknad om dispensasjon eller liknande kan sendast på e-post til iren.storebo.melingen@austevoll.kommune.no og kjersti.soderberg@austevoll.kommune.no.
Dette er ei ny rutine leiinga har avtalt i samråd med smittevernlege.
Rutina tek omsyn til både bebuarar og tilsette.
Informasjonen over er oppdatert 14.12.2020
Informasjonen under er gitt 16.11.2020.
Det er berre mogleg å nytte seg av besøksvertsordninga. Det er med andre ord ikkje mogleg å gå på besøk via hage og inn på bebuarromma. Det vil bli press om besøksavtalar dei dagane vi har tilbodet, men vi skal gjere vårt beste for at flest mogleg får besøkstid.
Desse nye reglane gjeld fram til ny vurdering av smittesituasjonen i Austevoll og omegn. Vi vonar det er kortvarig.