Austevoll kommune

Nye nasjonale koronareglar frå 27. mai

Frå 27. mai blir dei nasjonale tilrådingane og råda endra som ledd i gjenopningsplanen.

Anbefalingane gjeld for heile landet. Ver merksam på at enkelte kommunar, til dømes Bergen, også kan ha eigne lokale reglar. Austevoll kommune har ingen lokale reglar.

  • Hald 1 meter avstand.
  • Hald henda reine.
  • Hald deg heime om du er sjuk.

Sosial kontakt

  • Ikkje ha besøk av fleire enn ti gjestar. (nytt)
  • Om alle gjestane kjem frå same hustand kan det vere fleire til stade, men du må kunne halde god avstand til kvarande.
  • Oppmoding om å møte utandørs.
  • Barn i barnehager og barneskuler kan ha besøk frå eigen kohort.
  • Ved besøk i heimen vert ikkje beskytta rekna med i avgrensing av antal, men det må mogleg å halde avstand til dei som ikkje er beskytta. (nytt)

Reiser

  • Reiser til utlandet vert råda ifrå. Strengt nødvendige reiser kan bli gjennomført.
  • Innlandsreiser kan bli gjennomført. Dei som ikkje er beskytta bør vere ekstra forsiktige og planlegge reisa slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing. Det er særs viktig for personar som reiser frå område med høgt smittepress. (nytt)
  • Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak bør følgje råda som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg. Det gjeld ikkje for personar som er beskytta. (nytt)

Skular og barnehager

  • Barnehager og skulane følgjer trafikklysmodellen med grøne, gule og raude tiltaksnivå etter lokale vurderingar. Det er ikkje lenger bestemt nasjonalt at alle barnehager og skuler må vere på gult nivå. (nytt)

Høgare utdanning

  • Meir fysisk undervisning og auka bruk av jamnleg testing. (nytt)
  • Registrere kven som er til stade og seteplasseringa, for å lette smittesporinga. (nytt)

Arbeidsliv

  • Heimekontor for alle dersom det er mogleg og/eller ha fleksibel arbeidstid.

Handelsnæringa

  • Ope med smitteverntiltak, jf. eigen bransjestandard og krav i forskrift.
  • Varemesser og mellombelse marknader blir regulert på same måte som handelsnæringa, og blir ikkje rekna som arrangement. Det blir krav om å registere kontaktopplysningar til dei av gjestene som gjev samtykke til det.  

Idretts- og fritidsaktivitetar

  • Vaksne over 20 år kan gjennomføre organisert aktivitet som trening, øving m.v. innandørs i grupper på inntil 20 personar, så lenge dei kan halde avstand på minst éin meter til kvarandre.(nytt)
  • Vaksne over 20 år kan drive organisert aktivitet ute i grupper på inntil 30 personar, så lenge dei kan halde avstand på minst éin meter til kvarandre. (nytt)
  • Fleire grupper kan vere samla på sama trenings-/øvingsarena dersom gruppene kan vere skilde, og slik at dei enkeltvis og samla kan halde smittevernråda.
  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på idretts-, kultur- og fritidsaktivitet, og råda om éin meter avstand kan bli unnateke dersom det er nødvendig for å drive aktiviteten.
  • Dersom barn og unge trener/øver med eit lag, foreining og likande i ein anna kommune, vil dei kunne konkurrere med dette/denne foreininga så lenge smittesituasjon tillèt det. 
  • Lag frå små kommunar som ikkje har andre motstandarar i kommunen, kan reise til nabokommunen for å konkurrere såframt kommunen har same smittenivå. (nytt)

Meir informasjon finn du her:

Trafikklys i skular og barnehagar

Austevoll kommune held fram med gult nivå i skular og barnehager fram til skuleferien. Skule og barnehagane vil få direkte melding ved nye vurderingar. 

Eige informasjonsmøte for serverings- og skjenkestadar

Serveringsstadar og skjenkestadar vil bli invitert til informasjonsmøte for rettleiing for handtering av smitteverntiltak i høgsesongen i sommar.

Klikk for stort bilete