Austevoll kommune

Nye nasjonale koronatiltak

Regjeringa har tilrådd nye retningslinjer for koronatiltak. Her kan du lese korleis desse påverkar Austevoll.

Kommunen vår har for tida lågt smittepress, men dette kan endre seg. Kommunal kriseleiing vil vurdere lokale tiltak dersom situasjonen endrar seg.

Det er viktig å presisere at all aktivitet og daglegliv skal vareta smittevernomsyn – dette er me etter kvart blitt flinke til og det skal me halde fram med!

Idrettsaktivitet

Organisert aktivitet innandørs er tilrådd stansa fram til 18. januar. Det kan likevel organiserast utandørs aktivitet, men det er viktig å understreke at ein skal gjennomføra denne med avstand og gode reglar for smittevern.

Kultur

Organiserte samankomster innandørs blir tilrådd stansa fram til 18. januar. Dette gjeld bygdekino, konsertar og andre framsyningar for publikum eller andre grupper.

Bibliotek

Biblioteket held framleis ope, med smitteverntiltak.

Pleie og omsorg

Austevoll PO-senter vil fortsatt organisere besøk gjennom besøksvert-ordninga. Besøka blir avgrensa til to faste personar i perioden fram til 18. januar. Dagsenteret vil også vera ope for brukarane.

Vaksinering

Vaksinering av risikogrupper startar opp 6. januar. Dette held fram gjennom våren etter dei tildelingar kommunen får frå sentralt hald.

Reiser

Unngå unødvendige reiser. Opphald i hytter med personar frå same husstand er greitt.

Skular

Austevoll ungdomsskule er for tida på «raudt» nivå. Dette inneber strengare retningslinjer for blant anna reinhald og organisering. Avstand og gruppeinndeling er viktig for å vareta smittevern. Skulen informerer direkte til elevar og føresette. 

Barneskulane er ikkje underlagt ordninga med «raudt» nivå, dei er framleis på «gult» nivå. Dette betyr blant anna at symjeundervisning for elevar på barneskulen held fram som vanleg.

Kulturskulen

Kulturskulen vidarefører drifta. For elevar i ungdomsskulealder skal det tilretteleggast for opplæring etter «raudt» nivå. 

Austevollbadet 

Badet er ope for vanleg publikumsbesøk, men kapasiteten vil bli noko redusert pga smitteverntiltak. Organisert trening, vanngym og kurs blir stansa i perioden fram til 18. januar. Behandlingstilbod i regi av ergo- og fysioterapitenesta held fram.

Besøk og møte med kommunale kontor

Resepsjonen i servicekontoret på kommunehuset er betjent, men det vil vera mindre kapasitet til å gjennomføra fysiske møter med administrasjonen i perioden fram til 18. januar på grunn av auka bruk av heimekontor.

Møte vil kunne bli haldne som telefon- eller videomøte i denne perioden.

Innbyggjarar blir bedne om å ta kontakt med oss på førehand for å avtale møte. For generelle førespurnader, kan du ta kontakt med servicekontoret på telefon 55 08 10 00 eller e-post postmottak@austevoll.kommune.no.

Her finn du kontaktinformasjon til tilsette i Austevoll kommune.

Butikkar

Alle kjøpesenter og butikkar bør innføre avgrensingar i talet på kundar i butikklokalet, slik at det er mogleg å halde avstand. Regjeringa vil i løpet av dei næraste dagane vurdere om det skal forskriftsfestast kundeavgrensing og adgangskontroll.

Butikkar og kjøpesentra er oppmoda til å etablere gode smitteverntiltak kor det viktigaste vil vera å sikre avstand og gode hygienerutinar. Austevoll kommune oppmodar alle næringsdrivande til å ta dette på største alvor.

Sittegruppe i sosiale areal må sikre avstand mellom gjestar, eller stengast for besøkande i perioden fram til 18. januar.