Austevoll kommune

Nye nasjonale smitteverntiltak

Kraftig auke i koronasmitta gjer at det blir innført nye nasjonale smitteverntiltak.

Regjeringas klare oppmoding er at folk held seg mest mogleg heime og har minst mogleg kontakt med andre.

Grunnen til dette er ei kraftig auke i personar som er smitta av covid-19.

I dag har regjeringa melde om strengare tilrådingar og råd. Kommunal kriseleiing i Austevoll har i dag vurdert at situasjonen ikkje tilseier ei ytterlegare innskjerping her hos oss, enn det som no kjem frå nasjonalt hald. 

Her kan du lese om smittesituasjonen i Austevoll per 5. november.

Det er likevel ikkje usannsynleg at det vil vere nødvendig å innføre lokale tiltak på eit seinare tidspunkt.

Dei nasjonale tilrådingane er:

Sosial kontakt:

  • I dei komande vekene må alle i størst mogleg grad held seg heime og avgrensar sosial kontakt med andre menneske.
  • Unge og vaksne som har vore saman med vener og i andre situasjonar, der det ikkje har vore ein meters avstand, bør halde to meters avstand til folk i risikogruppa.
  • I tillegg gjeld framleis rådet om at ein i private heimar, hagar eller hytter ikkje bør ha meir enn fem gjestar på besøk, i tillegg til dei som bur i husstanden. Dersom alle gjestane på besøk er frå same husstand, kan ein likevel vere fleire, til dømes der to familiar med mange barn møtast. Denne avgrensinga gjeld ikkje for barnehage- og barneskulekohortar.

Reiser:

  • Unngå unødvendige reiser innanlands. Arbeidsreiser blir rekna som nødvendige reiser og kan gjennomførast. Dersom du skal besøke fritidseigedomen din, og kan reise utan å kome i kontakt med andre, så kan også denne reisa gjennomførast.

Skule og utdanning:

  • Alle universitet, høgskular og fagskular skal vurdere om dei i perioden framover kan redusere undervisninga og annan aktivitet som bidrar til auka mobilitet blant anna press på kollektivtrafikken.
  • Vidaregåande skular og ungdomsskular må førebu seg på at tiltaksnivået kan bli raudt dersom smitta stig endå meir.

Private samankomstar og arrangement:

  • Inntil 20 personar på private samankomstar på offentleg stad eller i leigde lokale.
  • Inntil 50 personar på innandørs arrangement utan fastmonterte seter.
  • Inntil 200 personar på arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte seter.

Endringane for private samankomstar og arrangement gjeld frå midnatt, natt til måndag 9. november.

Serverings- og skjenkestader:

  • Nasjonal skjenkestopp kl. 24.00 og ein kan ikkje sleppe inn nye gjestar etter kl. 22.00. Endringane gjeld frå midnatt, natt til laurdag 7. november.

Karantene og reiser:

  • Arbeidsreisande som dei siste 10 døgna før dei kjem til Norge har opphalde seg i område med særleg høgt smittenivå, kan ikkje lenger nytte seg av ordninga med testing kvar tredje dag, jf .covid-19-forskrifta § 6 c. Hovudregelen om innreisekarantene vil derfor i utgangspunktet gjelde for arbeidstakarar frå desse områda.
  • For arbeidstakarar som kan nytte seg av unntaket i § 6 c er det gjort endringar i føresegna: Arbeidstakarar som har fritidskarantene skal testast kvar tredje dag og vere innkvarterte på einerom dei første ti dagane i landet. Arbeidsgivarar skal legge til rette for avstand til andre arbeidstakaren er i fritidskarantene. Unntaket gir ikkje lenger fritak for innreisekarantene på fritida.
  • Reisande frå raude land må framvise attest på negativt covid-19-test når dei kjem til Norge. Testen må vere tatt mindre enn 72 timar før innreisa. Dersom personen ikkje framvise ein slik test kan vedkomande bli nekta innreise. Dette blir sett i verk frå midnatt, natt til måndag 9. november.
  • Personar som kjem til Norge må ha fast bupel i landet, eller arbeids- eller oppdragsgivar må gi garanti for eigna opphaldsstad ved ankomst til Norge. Personar, inkludert turistar og besøkande, som verken har eigen bupel eller arbeids- eller oppdragsgivar i Norge må opphalde seg på karantenehotell og teste seg i karanteneperioden. Dette gjeld også familiemedlemar som kjem for å besøke slekt i Norge. 

Klikk for stort bilete