Austevoll kommune

Nye nasjonale smitteverntiltak

Det blir innført strengare nasjonale smitteverntiltak frå og med i morgon.

Frå og med i torsdag 25. mars blir det innført strengare nasjonale smitteverntiltak.

Dei nasjonale smitteverntiltaka er delt opp i to delar:

  1. Anbefalingar som alle innbyggjarar blir bedne om å følgje.
  2. Påbod og forbod som er forskriftsfesta.

Austevoll kommune vil oppmode alle om å bruke munnbind på butikkar og andre plassar der det er vanskeleg å halde to-meters avstand til andre.

Nye nasjonale anbefalingar:

  • Hald to meters avstand til andre bortsett frå personar i eigen husstand eller nærkontaktane til åleinebuande.
  • Tilråding om bruk av munnbind på alle plassane der det ikkje er mogleg å halde to meters avstand, til dømes på daglegvarebutikkar.
  • Tilråding om å ha maks to gjestar på besøk.
  • Avgrens den sosiale kontakten mest mogleg og ha helst kontakt med dei same personane over tid.
  • Tilråding om berre å bruke kjøpesenter og varehus i heimkommunen.
  • Tilråding om å utsetje alle reiser som ikkje er nødvendige, men med desse unntaka:
    • Reiser til arbeid når det ikkje er mogleg med heimekontor.
    • Reiser heim til familie for studentar som ikkje har familie der dei studerer.
    • Reiser til hytta saman med eigen husstand.

Nye nasjonale forskriftsfesta påbod og forbod:

  • Forbod mot skjenking av alkohol over heile landet.
  • Forbod mot innandørs organisert idretts- og fritidsaktivitet for vaksne, med unntak for profesjonelle toppidrettsutøvarar.
  • Treningssentre skal halde stengt, men kan halde følgjande tilbod opne:
    • Tilbod til dei som er busette i kommunen.
    • Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individult eller i mindre gruppe med arrangør.
    • Individuell trening og behandling som det kan bestillast time til.
  • Svømmehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng og liknande skal haldast stengt, men kan halde følgjande tilbod opne:
    • Skulesvømming, organiserte svømmekurs og organisert svømmetrening for personar under 20 år og svømming for profesjonelle toppidrettsutøvarar.
    • Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
    • Annan individuell behandling som det kan bestillast time til og kor bad er ein del av behandlinga.
  • Arbeidsgivarar skal sørgje for at tilsette jobbar heimefrå på alle arbeidsplassar der det er praktisk mogleg.
  • Personar som returnerer til Norge etter unødvendig utanlandsreise må vere heile karantenetida på karantenehotell. Dette trer i kraft frå midnatt, natt til måndag 29. mars.
  • Tilråding om at alle planlagte arrangement blir avlyst. Dersom arrangementet ikkje kan utsettast gjeld desse reglane:
    • Innandørs er det tillate med 20 personar på arrangement med faste, tilviste sitteplassar.
    • Innandørs er det tillate med 50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år som tilhøyrer idrettslag i same kommune.
    • Utandørs er det tillate maks 50 personar på arrangement.
    • Det blir tillate med 50 personar i gravferder og bisettingar når det blir nytta faste tilviste plassar.

Les meir om smitteverntiltaka på heimesida til regjeringa.

Regionale og lokale tiltak:

I Austevoll kommune gjeld dei nasjonale smittevernreglane, men det er for tida ingen særeigne lokale forskrifter.