Austevoll kommune

Nye reglar for besøk på Austevoll PO senter frå 6. juli 2021

Det er i samråd med smittevernlege i Austevoll gjort nokre justeringar i besøksreglar og besøksrutinar. Koronasertifikat blir teke i bruk. Alle kan finne sitt koronasertifikat inne på helsenorge.no.


 

Om du av ulike årsaker ikkje får logga inn på helsenorge.no, sjå lista over kriteria for grønt sertifikat:

Grønt koronasertifikat:

- fullvaksinert

- delvaksinert for minst 3 veker sidan

- hatt Covid-19 siste 6 månader

- har negativ koronatest som er teke for opp til 24 timer sidan

Les fleire detaljar om koronasertifikatet

 

Nye reglar for besøk på Austevoll PO frå 6. juli kl. 16


Alle med grønt Koronasertifikat (+ to faste nærkontaktar med rødt sertifikat) kan komme på besøk som «nærkontakt» på bebuarrom.

Dette gjeld for nærkontaktar:

  • Avtal direkte med respektiv avdeling på førehand (helst dagen før)
  • Opplys om du har grønt/rødt koronasertifikat når du ringer
  • Maks 2 på besøk samtidig på bebuarrom, eller fleire dersom utandørs eller i større lokale
  • Kan gå inn via hovudinngangen/korridorane (ikkje lenger naudsynt å gå via hage/bebuarvindauge/-dør)
  • Kan køyre/gå på utflukt med bebuar i opptil 3 timar
  • Vi registrerer besøkande i logg
  • Må vaske hender
  • Må vere symptom- og karantenefri
  • Kan gje klem og halde i handa
     

Alle med rødt koronasertifikat kan komme på besøk som «øvrige besøkande» utandørs eller ute i foajeen.

  • Avtal med respektiv avdeling på førehand (helst dagen før)
  • Opplys om du har grønt/rødt koronasertifikat når du ringer
  • Maks 5 på besøk samtidig frå same kohort
  • Kan gå inn via hovudinngangen (besøk i dagstova/foajeen eller utandørs). Personalet følger bebuar til og frå besøket.
  • Kan gå på spasertur med bebuar i 1 time (ikkje bilutflukt)
  • Vi registrerer besøkande i logg
  • Må vaske hender
  • Må vere symptom- og karantenefri
  • Kan ikkje gje klem og halde hand
  • Må halde 1 meters avstand

Det er frivillig for besøkande  å visa fram koronasertifikatet sitt, vi baserer oss på tillit.

Vi lar hovudinngangen stå ulåst i tidsrommet kl. 08.00-21.00 dagleg.

Begge typar besøk skal frå no av bli avtalt direkte med respektiv avdeling. Besøksvertordninga vert avvikla. Det same gjeld besøkstelefonen.

Vi takkar dei frivillige organisasjonane for ein fantastisk innsats (Lions Club Austevoll, Austevoll Demensforening, Austevoll Røde Kors).


Sjå plakatane under som vert å sjå på PO Senteret frå og med 6. juli - trykk på biletet for  å få stort bilde.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete