Austevoll kommune

Nye retningslinjer for testing av koronaviruset

Her er dei nye kriteria for kven som skal testast for koronaviruset.

29. april blei kriteria for å bli testa utvida til fleire. Utviding gjeld alle som lege har mistanke om har covid-19 og som ikkje før var prioritert.

Retningslinjene for testing viser kven og korleis ein vert testa.

Kven skal testast?

  • Personar som har hatt luftvegssymptom med feber, hoste, tungpust i meir enn to dagar — og som er i testgruppene (sjå nedanfor).

Kven er i testgruppene?

  • Personar som mottar heimesjukepleie, tenester frå Eidsbøen bufellesskap eller skal inn på PO-senteret eller sjukehus.
  • Helsepersonell som arbeider direkte med pasientar.
  • Tilsette i barnehager, SFO og skular som er i direkte kontakt med barn (ikkje heimekontor).
  • Barn i barnehage, SFO og skule som har vore fysisk i barnehage eller skule.
  • Personar over 65 år eller yngre vaksne med alvorleg sjukdom.
  • Personar som er kjend nærkontakt til ein koronasmitta. 
  • Ny kategori: Andre med mistenkt covid-19 (frå 29. april).

Kva gjer eg dersom eg har hatt luftvegssymptom i meir enn to dagar og høyrar til ei av testgruppene?

Ta kontakt med kommunen på koronatelefonen vår:

  • Telefon 966 25 320 (måndag til fredag, frå kl. 09.00 til kl. 15.30).

Då får du snakka med helsepersonell og avtala om du skal testast. 

Dette gjeld personar med bustadadresse i Austevoll kommune. Fritidsbuande må ta kontakt med fastlege eller helseteneste der du bur.

Les her dersom du har hoste og rennande nase, men har pollenallergi og er usikker på om symptomane dine kan vere på grunn av allergi.

Ta kontakt med koronatelefonen om du likevel er usikker.

Korleis blir testen utført?

Vi tek ein prøve frå halsen og bak i nasen. Testen vert sendt til laboratoriet. Du kan forvente svar innan 48-96 timar. Svartida kan variere avhengig av helg og kapasitet på laboratoriet.

Du skal vere i isolasjon fram til du har fått prøvesvar.

Korleis får eg svar på testen?

Du får svar frå legen din via Helsenorge.no. Dersom prøven er positiv vert du ringt opp av lege eller helsesjukepleiar for smittesporing.

Testen min var negativ, kva gjer eg då?

Du kan gå tilbake til jobb/skule/barnehage når du har vore symptomfri i eit døgn.