Austevoll kommune

Nye smittetilfeller og god tilgong på vaksiner

I veke 33 blei det påvist 7 nye personar med covid-19 smitte i Austevoll - det blei tatt 58 testar i helga. Dette er nok ei påminning om at me ikkje må sleppe opp på gode smittevernrutinar i kvardagen – det er heile tida ein risiko for at situasjonen kan endre seg. Det er mange tilsette i helsetenestene våre som over tid har gjort ein stor innsats, og me oppfordrar igjen alle til å nytte seg av tilbodet om vaksinering, jf. informasjon på nettsida vår sist veke kor det er opplyst at me no er godt i gang med dose 2 vaksinering.

Det blir arrangert massevaksinering laurdag 4. september i Austevollhallen mellom kl. 09:00 og 15:00. Det er mogeleg å bestille time via Helsenorge.no, men du kan også kome på drop-in timar denne dagen utan førehandsavtale. Kommunen mottar minimum 1500 dosar og me oppfordrar flest mogeleg av dei som fekk første dose 7. august eller tidlegare, til å prioritere tilbodet om å bli fullvaksinert denne dagen.