Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Nytt ferjesamband eller bru til E39 Hordfast?

Planlegginga av Hordfast, ny E39 mellom Stord og Os, er i full gang. To moglegheitsstudier har sett på korleis Austevoll kan kople seg til E39 på Reksteren: 

Trykk på lenkene ovanfor for å opne rapportane.

No er begge rapportane mottekne og i februar 2023 skal dei behandlast av Austevoll kommunestyre. Rapportane tar for seg moglege påkoplingar mellom Huftarøy i Austevoll og Reksteren i Tysnes.  
 
Her er det blant anna vurdert forskjellige plasseringar og kva prosjekta vil kunne koste. I rapporten Sweco har laga, er det også vurdert fleire alternativ for nye vegtraséar på Huftarøy. 

For eit eventuelt nytt ferjesamband har ein landa på at ferjekaiane vil bli lokalisert ved Sandvikhamn på Huftarøy og i Håkrevika ved Gjøvåg på Reksteren. Den mest realistiske bruløysinga vil gå mellom Brekke ved Husavik, over Tobbholmane, til Rommelineset og Flygansvær på Reksteren. 

Rapportane presenterer også kostnadsutrekningar for alternativa: 

  • Ferjealternativet er kostnadsrekna til 374 millionar kroner 
  • Brualternativet er kostnadsrekna til kr 8 063 millionar kroner. 

I desse tala ligg også tilkomst frå eksisterande fylkesveg 546 på austsida av Huftarøy, og vegar fram til ny E39 over Reksteren. Utbetring av tilførselsvegar elles på Huftarøy ligg ikkje inne i reknestykket ovanfor.
 
I ferje-rapporten er det vurdert kostnader for utbetring av eksisterande vegar og nye vegtraséar på Huftarøy. Desse er: 

  • Oppgradering av fylkesveg 546 frå Stongakulten til Haukanespollen, 270 millionar kroner. 
  • Oppgradering av eksisterande fylkesveg 546 rundt Haukanespollen, 93 millionar kroner. 
  • Ny fylkesveg 546 med bru over Haukanespollen, 187 millionar kroner. 
  • Ny tverrforbindelse mellom fylkesveg 546 og fylkesveg 5144 på vestsida av Huftarøy, 131 til 153 millionar kroner. 

Meir informasjon om Hordfast finn du her: