Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Nytt folkemøte for kultur, onsdag 12. april

Havfest musikkfestival 2014, Storebø

Austevoll kommune inviterer til eit nytt folkemøte for kultur, onsdag den 12. april. Alle aktørar som er involvert eller engasjert i noko som har med kunst eller kultur å gjer er velkomen. Døme på disse er:

  • Amatørar
  • Profesjonelle
  • Frivilligheita - lag og organisasjonar
  • Styret i vel- og grendahus
  • Ungdomsklubbar

Dato: Onsdag den 12. april

Klokkeslett: 17.00-18.30

Stad: Kantina på kommunehuset, Storebøportalen, Storebø.

Agenda

Målet er å samla aktørane på kulturfeltet for å danna styret til Austevoll kulturråd.

Kva er Austevoll kulturråd?

Austevoll kulturråd vil fungera som ein paraplyorganisasjon; ein arena som samlar aktørar, og andre råd og organisasjonar som arbeidar med kultur og kunst i kommunen.   

Austevoll kulturråd vil legge til rette for samarbeid mellom kommunen og eit samla kulturfelt. Eit slikt strukturert samarbeid mellom offentleg sektor og kulturfeltet er eit godt utgangspunkt for å utvikla kulturfeltet. Noko som på lang sikt kan bidra til eit kulturløft i kommunen.

Kvar aktør på kulturfeltet er ein del av noko større, noko som har stor betydning for å gjera kommunen til ein betre stad å bu i, nemleg eit blomstrande kulturliv.

Vi håpar at du vil koma på møte den 12. april og bidra til å stifta Austevoll kulturråd.