Austevoll kommune

Nytt kommunenummer - stenging av matrikkelen og grunnboka

I samband med kommune- og regionsreforma stenger kartverket matrikkelen 13. desember 2019 og grunnboka 27. desember 2019. Matrikkelen og grunnboka vil opne igjen 2. januar 2020.

Klikk for stort bilete   

Austevoll kommune får og nytt kommunenummer frå 1. januar 2020. Det nye kommunenummeret er 4625. 

Matrikkelen og grunnboka stenger delar av desember

Eit ledd i gjennomføringa av kommune- og regionsreforma er å gje alle kommunar nytt kommunenummer som skal gjelde frå 1. januar 2020. Det er totalt 311 kommunar som skal endre nummer. Dette krev store endringar i matrikkelen og grunnboka. For å sikre at endringane for Austevoll blir gjennomført på ein trygg og god måte, vert matrikkelen og grunnboka stengt for oppdatering mot slutten av året. 

Kartverket stenger Matrikkelen frå og med fredag 13. desember klokka 18.00 til og med 2. januar 2020. 

Grunnboka vert stengt frå fredag 27. desember klokka 20.00 til og med januar 2020. 

Kva er matrikkelen? 

Matrikkelen er Noregs offisielle eigedomsregister som inneheld informasjon om eigedomsgrenser, adresser, areal, bygg og bustader. Alle eigedomar er registrert med sitt eige unike nummer, som blir kalla matrikkelnummer. Matrikkelnummeret til ein eigedom inneheld kommunenummer, gardsnummer, bruksnummer og eventuelle feste/-seksjonsummer. 

Eksempel: Dersom du eig ein eigedom på Storebø, eksempelvis bruksnummer 1, vil matrikkelnummeret til eigedomen vere kommunenummer 1244, gårdsnummer 43 bruksnummer 1.
Frå og med nyttår vil kommunenummeret vere 4625.

Kva er grunnboka? 

Grunnboka er eit offentleg register over tinglyste rettar ved ein eigedom. I grunnboka fører ein eigar av ein eigedom, og tinglyste hefte som er knytt til ein eigedom. Eit hefte kan til dømes vere ein vegrett, panterett og ein forkjøpsrett.

Eksempel: i grunnboka vil ein kunne finne kven som er eigar av eit matrikkelnummer, og ein vil kunne sjå om nokon andre enn eigaren har vegrett over eigedomen. 

Kva konsekvens får stenging av matrikkelen og grunnboka for deg? 

I perioden matrikkelen er stengt vil ingen endringar av eigedomar, bygg eller adresser bli registrert. Det blir heller ingen føring av eigarfråsegn om konsesjonsfridom. Føring blir satt på vent til matrikkelen er opna igjen. 

Nytt kommunenummer

Det nye kommunenummeret til Austevoll kommune er 4625.

Du må bruka det nye kommunenummeret i staden for det gamle om du blir spurt om å oppgje det til dømes i skjema, ved tinglysing eller ved søk i karttenester som Kommunekart frå og med nyttår 2020.