Nytt saksbehandlingssystem kan føre til auka saksbehandlingstid i ein periode

Austevoll kommune går over til nytt saksbehandlingssystem for arkiv, digitale skjema, politiske møte og innsyn på måndag, 20.11.23. Vi gjer vårt beste for at dette i minst mogleg grad skal gå utover deg som innbyggar.

  • Postregistrering og sakshandsaming kan likevel kome til å ta litt lenger tid enn vanleg. Endringa gjeld fleire system, og uføresette hendingar kan oppstå. Dette kan påverke innsending av digitale skjema. vi ber om at dette i tilfelle blir meldt til postmottak@austevoll.kommune.no
  • Som ein del av det nye saksystemet vil kommunen få tilgang til eByggesak. Dette er eit system som er laga for å ta imot dei elektroniske byggesøknadane som kjem frå leverandørar som til dømes ebyggesok.no, byggesoknaden.no eller Holte Byggsøk

Kvifor byter vi system?

Kommunen er avhengig av gode system for sakshandsaming, dokumentasjonsforvaltning, arkiv, politiske møter og innsyn med tanke på sikkerheit, kvalitet og dialog med deg som innbyggjar.

Austevoll kommune er ein del av IKT Nordhordland, og innkjøp av nye system skjer saman med dei andre kommunane i samarbeidet. I år gjekk avtalen med tidlegare leverandør ut, og etter ein anbods- og førebuingsprosess er vi no klare for å ta i bruk nytt system.