Austevoll kommune

Nytt ungdomsråd i Austevoll

Dårleg busstilbod og farlege vegar stod på agendaen då Austevoll ungdomsråd hadde sitt første møte i dag.

Bilde: Austevoll ungdomsråd (f.v.): Halvard, Linnea, Nora, Herborg (nestleiar), Emilie, Karl-Erik, Madeleine, Heike (leiar) og Morten (ordførar i kommunestyret). Foto: Stine Emilie Konradsen.

Åtte engasjerte austevollingar utgjer det nye ungdomsrådet i Austevoll. I dag hadde rådet sitt første møte i kommunestyresalen.

Ungdomsrådet sin jobb er blant anna å passe på at kommunestyret tar omsyn til barn og unges interesser. Før kommunestyret og politiske utval fattar vedtaka sine så skal dei sakene og planane som angår barn og unge først innom ungdomsrådet. Dette gjer at interessene og synspunkta til barn og unge kjem tydeleg fram i saksbehandlinga.

Rådet kan også ta opp saker på eiga hand, fatte vedtak og kome med uttaler, og kan også foreslå saker som kommunestyret bør behandle.

I dag var det to viktige saker som blei løfta fram. Den eine handla om behovet for trafikksikring langs dei mest trafikkerte vegane i kommunen og der det går mange barn og unge. I tillegg drøfta ungdomsrådet at det er behov for eit mykje betre busstilbod i kommunen og til og frå ferja på Krokeide.

I begge sakene vedtok rådet at det skal utarbeidast saksframlegg som skal behandlast i førstkomande møte som er måndag 2. september. Desse sakene skal sendast vidare både til kommunestyret i Austevoll og til ungdommens fylkesting i Hordaland.

Sidan det var det første møte i ungdomsrådet skulle rådet også konstituerast. Det betyr rett og slett at det skulle veljast leiar og nestleiar. 

Valet av leiar og nestleiar blei gjort på same måte som i kommunestyret. Medlemmane fremja forslag til kandidatar, og så blei det avhalde hemmeleg val. Ordførar og rådmann fekk lov til å vere tellekorps.

Ungdomsrådet valte Heike Haukanes Zetterstrøm til leiar og Herborg Magnusen Kolbeinshavn til nestleiar.

Dette er alle medlemmane i ungdomsrådet:

  • Heike Haukanes Zetterstrøm, leiar
  • Herborg Magnusen Kolbeinshavn, nestleiar
  • Halvard Søreide
  • Karl-Erik Valencia Hufthammer
  • Emilie Mortvedt Troland
  • Linnea Fagerbakke Heggland
  • Nora Møgster
  • Madeleine Drønen Hellesøy

Varamedlemmane til ungdomsrådet er:

  1. Ida Dåvøy
  2. Eline Louise Økland Nordeide
  3. Maren Anna Olsen Kristiansen
  4. Victoria Rabben
  5. Agnes Helene Hagen
  6. Bjørn Inge Drønen Skumsnes
Fann du det du leita etter?