Austevoll kommune

Offentleg ettersyn. Skattelister - eigedomsskatt

Skattelister for eigedommar og anlegg som det er skriven ut eigedomsskatt på i 2019, er lagt ut til offentleg ettersyn på servicekontoret, Austevoll kommune.

I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3 bokstav a har Austevoll kommunestyre vedteke å skrive ut eigedomsskatt i 2019 med følgjande utskrivingsalternativ: Berre på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum.

a. Kommunen skriv ut skatt på næringsdelen (bygning og grunn) i tidlegare skattlagde verk/bruk (annet ledd i overgangsregel til esktl. §§ 3 og 4).

b. Skatt blir skriven ut på det særskilte skattegrunnlaget redusert med éin sjuandedel i 2019.

c. Eigedomsskattesatsen vert sett til 7 promille (esktl. § 13).

d. Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget er 7 promille.

e. Eigedomsskatten forfell i 2 terminar, mars månad og oktober månad.

Klage over eigedomsskatten kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år, jfr. § 19 i Eigedomskattelova. Klaga må gjevast skrifteleg innan seks veker frå det tidspunkt det er kunngjort at eigedomsskattelistene er lagt ut.

Klagefrist 23.08.2019

Send klage til:

Austevoll kommune
Økonomikontoret
Birkelandsvegen 2
5392 Storebø

Fann du det du leita etter?