Austevoll kommune

Oktober er Rosa sløyfe-aksjonen sin månad

Torsdag 21. oktober kl.18:00 går startskotet for Rosa sløyfe løpet 2021.

Målet med aksjonen er å vise solidaritet med brystkreftrammande, spreie informasjon, auke kunnskapen om brystkreft og støtte brystkreftforsking.

Kvart år løftar Rosa sløyfe eit informasjonstema som skal framheve ei viktig problemstilling innanfor brystkreftområde. Tidleg oppdaging av brystkreft er tema for aksjonen i 2021. 

I Austevoll organiserer Livsstilsenteret løp/marsj 21. oktober, alle påmeldingsinntekter går til kreftforeininga. Du vil også møte Austevoll kommune si kreftomsorgsgruppe, som sel kaffi og kaker til deltakarar og heiagjeng. Inntekter frå kakebua går direkte til lokale tiltak innan kreftomsorg.

Me håpar austevollingane meld seg på og spring/marsjera for ei viktig sak!