Austevoll kommune

Om koronavaksine i Austevoll

Det er enno ikkje stadfesta når vaksinen blir mottatt i Austevoll, men kommunen er klar til å starte vaksineringa av prioriterte grupper med éin gong det skjer.

Folkehelseinstituttet har ansvar for det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggarane vaksinasjon.

Austevoll kommune forventar leveransar av vaksine i januar eller februar 2021.

Kommunen er allereie godt i gang med å planlegge gjennomføring av vaksinasjon.

Me tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen i tur og orden. Du treng ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å sette deg på venteliste til vaksinasjon.

Når startar koronavaksinasjon i Austevoll kommune?

Me veit ikkje nøyaktig tidspunkt for når vi mottar dei første vaksinedosane, men planlegg for oppstart straks vaksinen kjem.

Vaksinen beskyttar mot å få alvorleg covid-19-sjukdom. Dei eldste av oss, og dei som har enkelte andre sjukdommar frå før, har størst risiko for å få alvorleg sjukdom. 

Førebels prioriterte grupper

I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som blir anbefalt å ta koronavaksine.

Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har regjeringa prioritert følgjande grupper:

  1. Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustader
  2. Personar over 85 år 
  3. Personar over 75 år og deretter dei over 65 år 
  4. Personar 18-64 år med éin eller fleire nærare spesifiserte sjukdommar 

Helsepersonell er førebels ikkje prioriterte høgare enn desse gruppene, men dette kan endre seg dersom smittepresset aukar og smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg. 

Kommunen planlegg at risikogruppene er fullvaksinerte innan utgangen av mars. Nasjonale føringar avgjer kva grupper som blir prioriterte for vaksine etter dette.

Innkalling og timebestilling for prioriterte grupper

Personar i gruppe 1 og 2 vil bli oppringt av helsepersonell for å avtale vaksinering. 

Informasjon om timebestilling for andre personar kjem seinare når tid og stad for vaksinering er avtala. 

Tid og stad for vaksinasjon

Gruppe 1 vil få tilbud om vaksinering i heimen. Vaksineringsstad for dei andre gruppane vert avgjort når kommunen veit meir om kor mange vaksinar som kjem.

Det kan vere aktuelt med massevaksinasjon i Austevollbadet, vaksinasjon ved fastlegekontoret eller andre ordningar. 

Pris

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.

Meir informasjon om koronavaksine finn du på Folkehelseinstituttet si temaside om koronaviruset.