Austevoll kommune

Omsorgstilbod for barn i barnehage og skule

Kommunen har eit omsorgstilbod for barnehagebarn og elevar med føresette som jobbar med kritiske samfunnsfunksjonar. Det er også eit tilbod for barn og elevar med særlege omsorgsbehov.

Tilbodet gjeld i den perioden barnehagane og skulane er stengt.

Rett til plass i omsorgstilbod

Gjeld for føresette som kvalifiserer for eit omsorgstilbod på grunn av sitt arbeid med samfunnskritiske funksjonar. Retten gjeld føresette der begge har eit arbeid som har ein samfunnskritisk funksjon eller der ein eineforsørgjar har eit slikt arbeid.

Om omsorgstilbodet

Barnehage: Omsorgstilbodet skal gå føre seg innanfor barnehagen si ordinære opningstid.

Skule: Omsorgstilbodet gjeld innanfor skule og SFO sin ordinære opningstid. Elevane får same opplæringstilbod som elevane heime. 

Barn med særlege omsorgsbehov

Barnehage: Barnehagar med barn som trenger ekstra hjelpetiltak og tilsyn, skal tilby omsorgstilbod for desse barna.

Skule: Skular med barn som trenger ekstra hjelpetiltak og tilsyn, skal tilby omsorgstilbod for desse barna. Tilbodet gjeld i skulane og SFO si opningstid.

Helsedirektoratet gir føringar for at leiarar av barnehagar og rektorar ved skulane må sørge for eit tilbod til barn av føresette som jobbar i helse- og omsorgstenestene, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjoner. Formålet er å kunne oppretthalde tilbodet i helse- og omsorgstenester og andre kritiske samfunnsfunksjonar og unngå at personar i risikogrupper blir brukt til barnevakt.

Les meir om dette her