Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Open dag i Porsdalen

Brann- og redningstenesta arrangerte i helga open dag ved brannstasjonen i Porsdalen.

 
Mange besøkande fekk sjå alle  utrykningseiningane våre – her var både brann- og redningstenesta, politi og ambulansetenesta representerte. Eit strålande vér gjorde sitt til at dette blei ein fin dag for alle. Neste år håpar vi at Bjørnis kjem på besøk.

Det var ca. 450 besøkande, dei aller fleste gjennomførte kunnskapsløypa.

Vinnaran av premien var Felix Pihl Cibulec 4 år – Gratulerer!

Takk for besøket!