I strålande sol inviterte Austevoll turlag i samarbeid med Austevoll kommune og Hundvåkøy Idrettslag til kjekke utetimar på Hundvåkøy.
Det vart snorklipp ved Maria Hagen og offisiell opning av den nye turløypa. Regina Njåstad Vestrheim takka Austevoll kommune og entreprenør for godt samarbeid gjennom heile prosjektet, medan ordførar nytta høve til å rose turlaget for initiativet og timane som er lagt ned for å få prosjektet i hamn. Etter opning av løypa gjekk dei frammøte gjennom turløypa i samla flokk. Vel tilbake ved Hundvåkøy samfunnshus vart det servert kake, frukt, kaffi og saft til alle som var med.
Tala til ordøraren er gjengitt her:
- Kjære alle saman,
Gratulera så masse med dagen!
Noko med da finaste med Austevoll er den storslåtte naturen vår med mange rekreasjonsmoglegheiter. Dette gir grunnlag for god folkehelsa og trivsel. Det at vi kan komme oss ut i fri natur rett utanfor stovedøra vår er noko av det som gjer kommunen vår attraktiv å bu i.
Så er det ein gong slik at nokon av oss treng tilrettelagde løyper som er tilgjengelege sjølv utan fjellsko og stødige bein, derfor er det viktig at vi i tillegg til urørt natur og lagar til løype som er universelt utforma og tilgjengeleg for alle, for det å komme seg ut og gå stimulerer både til aktivitet og ro. Det er rett og slett god medisin om du har ein dårleg dag. Det er og stadfesta at det å ha tilrettelagde og skilta løyper er viktig for å få folk ut i naturen, som kanskje elles ikkje ville gått ut.
Austevoll har eit variert tilbod av stiar og turvegar. Både velforeiningane våre og turlaget i Austevoll gjer ein solid innsats for å sikre turmoglegheiter for alle. Kvar øy har fleire turmoglegheiter, nokre meir tilrettelagde enn andre.
Dei siste åra har Austevoll kommune investert mykje i det lokale friluftslivet. Samarbeidsprosjekt som turvegen rundt Vinnesvatnet, sherpatrappa til Kongsen, sherpatrappa til Veten og dagsturhytta er gode eksempel på dette.
Heldigvis har austevollingane kultur for stort pågangsmot og mykje kreativitet.
Idrettsanlegg, kulturbygg, turløyper, skjerpatrapper og så vidare er komne på plass gjennom slikt pågangsmot og kreativitet i grensesnittet mellom det offentlege, næringslivet, idrettslaga og frivilligheita. Vi er ekstremt heldige som har innbyggarar som brenn for bygda vår, som ønsker å bidra til at vi har ein kommune som gode turmoglegheiter på kvar einaste øy.
Frivillige lag og organisasjonar har lagt ned mange dugnadstimar for å skape fine turområde i kommunen vår.
Denne turløypa er kome på plass på grunn av initiativ frå turlaget, som har hatt eit godt samarbeid med kommunen. Vi har hatt gode støtteordninga som har gjort det mogleg, gjennom turløypemidlane våre.
Vi må jobbe for å få til framtidige prosjekt på denne måten og, for det er ein gong slik at vi som kommune er avhengig av dei eldsjelane om vi skal få ting til. Det er ekstremt positivt at frivilligheita står på for nærmiljøet.
Eg vil derfor på vegner av kommunen nytte anledninga til å takke turlaget og spesielt Regina for den innsatsen og det initiativet som blei gjort for å få denne flotte løypa til, og gratulerer så masse med dagen og offisiell opning av løypa!