Austevoll kommune

Oppdatering av koronasituasjonen 16. september

Alle elevar i tiande trinn ved ungdomsskulen er i karantene. Til saman er det fem personar i Austevoll som har fått påvist smitte.

Alle 51 elevar i tiande trinn ved Austevoll ungdomsskule er sett i karantene.

To elevar ved ungdomsskulen har fått påvist covid-19. Desse smittetilfella er sett i samanheng med to andre påviste smittetilfelle.

I tillegg til desse fire, er det påvist ytterlegare éin smitta av korona, men som ikkje er i samanheng med dei andre tilfella.

Smittekjeldene er frå utanfor kommunen.

Smittesporinga er gjennomført, og til saman 127 personar er sett i karantene i Austevoll.

I tillegg foregår det smittesporing i Bergen, som blir utført av Bergen kommune.

Dei berørte elevane ved ungdomsskulen får digital undervisning i perioden dei er i karantene. Karanteneperioden varar til og med måndag 21. september.

Foreldra til elevane har fått informasjon om situasjonen og dei vil få telefon frå smittesporingsteamet i Austevoll kommune.

Elevar i dei to andre klassetrinna ved ungdomsskulen får opplæring på skulen som normalt.

Alle lærarar ved Austevoll ungdomsskule blir for sikkerheits skuld testa for covid-19.

Ein svært uheldig konsekvens av situasjonen er at 14 konfirmantar ikkje får konfirmerast til helga. Kyrkjekontoret har sende ut melding til dei som er berørt av dette. I utgangspunktet legg ein opp til at konfirmasjon vil finne stad den påfølgjande helga.

Besøksordninga ved Austevoll pleie- og omsorgssenter er førebels ikkje innskjerpa som følgje av situasjonen.