Austevoll kommune

Oppdatering koronasmitte i Austevoll

Det er ikkje registrert nokon med smitte i Austevoll i dag. Risikonivået er sett til 1 - dette er lågaste nivå etter FHI si gradering.

Det kan vera farleg å tru at risikoen for smitte er låg – me skal fortsatt ha fokus på smitteverntiltak i Austevoll kommune. Heimekontor, avstand og god handhygiene er viktige tiltak. Alle er blitt flinke til dette, noko som er svært viktig for å halde koronasmitten borte frå kommunen. Det blir kvar dag meldt om nye tilfelle rundt omkring i Vestland fylke – la oss fortsatt gjera ein stor innsats for å unngå utbrot hos oss.