Austevoll kommune

Oppdatering om koronasituasjonen 1. oktober

Ingen nye stadfesta smittetilfelle i Austevoll.

Det er ikkje registrert fleire som er smitta av korona i Austevoll kommune.

Éin person, som fekk påvist smitte fredag førre veke, er fortsatt i isolasjon. 

97 personar er i karantene og dei aller fleste av desse vil vere ferdig med karanteneperioden denne veka.

Testing

Måndag, tysdag og onsdag denne veka er 126 personar testa:

  • 28. september - 70 testar
  • 29. september - 28 testar
  • 30. september - 28 testar

Alle testane er altså negative.

Haustferie

Komande veke er det haustferie. Det betyr at mange austevollingar reiser ut av kommunen for å feriere, og mange tilreisande kjem på besøk til Austevoll.

Austevoll kommune minnar om at det er svært viktig å ta smittvernomsyn og følgje reglane om å halde avstand, hugs éin-metersregelen, ha god hand- og hostehygiene.

Hald deg heime dersom du er sjuk og ikkje gå på besøk til husstandar der andre er sjuke.

Dersom du får symptom skal du unngå kontakt med andre, og oppsøke teststasjonen. Meld frå før du møter opp til testing slik at helsepersonellet vårt kan førebu testinga.

Koronatelefon 966 25 320.

Dei som reiser til utlandet må følgje karantenereglane. Hugs at ingen land er "grøne" og at smittefaren er større om ein er på reise enn om ein held seg heime.

Ver ekstra påpasseleg med handhygiene.

Det kan vere lurt å føre ei lita dagbok kvar dag om kvar ein har vore og kven ein har vore i nærkontakt med.