Austevoll kommune

Oppdatering om koronasituasjonen 10. september

Ingen nye smittetilfelle. Til saman 19 personar i karantene.

Det er ikkje påvist fleire smittetilfelle i Austevoll.

Til saman er det tre personar som er smitta av koronaviruset. Eitt tilfelle blei påvist på laurdag og to i går.

13 personar er sett i karantene det siste døgnet.

Til saman er det 19 personar i karantene og av desse oppheld to seg i karantene i ein nabokommune.

Arbeidet med å spore smittekjelda pågår framleis.

Gjennomførte testar

  • 7. september – 54 testar
  • 8. september – 31 testar
  • 9. september – 29 testar
  • 10. september – 26 testar

Koronatelefonen 966 25 320

Koronatelefonen vår er open måndag til fredag. Telefonnummer 966 25 320.

Kommunen har god testkapasitet, men hugs å ta kontakt på førehand slik at me kan førebu testinga.