Austevoll kommune

Oppdatering om koronasituasjonen 13. november

To nye stadfesta smitta.

I går kveld blei det melde at to personar er stadfesta smitta av covid-19.

Begge personane er i isolasjon.

13 personar er i karantene som følgje av nærkontakt med den eine smitta.

Den andre personen er ein utanlansk arbeidstakar og var allereie i karantene, ingen i kommunen er sett i karantene som følgje av dette smittetilfellet. Vedkomande har lette symptom og blir følgd opp av arbeidsgjevaren sin.