Austevoll kommune

Oppdatering om koronasituasjonen 14. november

Nye smittetilfelle stadfesta laurdag.

I løpet av det siste døgnet er seks personar stadfesta smitta i Austevoll kommune. Smittetilfella er i samanheng med det eine smittetilfelle som blei melde om i går, fredag.

Situasjonen er under kontroll. Personane er i isolasjon og får nødvendig oppfølging. I tillegg er om lag 30 personar i karantene.

Alle dei smitta har kome til Austevoll frå Ukraina og Russland og er tilsett i Vestland Offshore.

Kommunen rosar Vestland Offshore for eit godt samarbeid. Reiarlaget har følgd alle tilrådingane frå smittevernlegen. Det har bidratt til ei best mogleg handtering av situasjonen og ei forsvarleg løysing.

Eit av reiarlagets fartøy blir brukt til isolasjon. Kommunen har dessutan stilt to leilegheiter til rådvelde på Prestaneset.

Eit stort tal av reiarlagets mannskap er i karantene som følgje av situasjonen.