I dag tidleg blei det stadfesta at éin elev ved Austevoll ungdomsskule er påvist smitta av covid-19.
Dette smittetilfellet er sett i samanheng med eit anna smittetilfelle som blei stadfesta sist torsdag. Smittevegen er kjent og smittesporinga er gjennomført.
Til saman er 71 elevar sett i karantene og 5 lærarar.
Dei berørte elevane ved ungdomsskulen får digital undervisning i perioden dei er i karantene. Karanteneperioden varar til og med søndag 29. november.
Foreldra til elevane har fått informasjon om situasjonen. Dei vil få telefon frå smittesporingsteamet i Austevoll kommune. Det vil bli avtalt testing direkte med føresette.
Elevar i dei to andre klassetrinna ved ungdomsskulen får opplæring på skulen som normalt.
I morgon, måndag, vil det bli gjennomført testing av lærarar.
Kommunen følgjer situasjonen nøye. Nye tiltak vil fortløpande bli vurdert.