Austevoll kommune

Oppdatering om koronasituasjonen 26. september

Alle elevar i 5., 6 og 7. trinna ved Selbjørn skule er i karantene etter at ein tilsett ved skulen har testa positivt for covid-19.

Fredag kveld blei det påvist smitte hos ein tilsett ved Selbjørn skule.

Som følgje av smittetilfellet er i dag 92 elevar og 3 tilsette sett i karantene. I tillegg er éin person som ikkje har tilknyting til skulen sett i karantene.

Karanteneperioden gjeld til og med 4. oktober.

Foreldre til elevar vil få direkte informasjon frå skule og helsepersonell. Det blir lagt til rette for digital undervisning i karanteneperioden.

Denne veka er det tatt 123 testar.

Personar som tidlegare har fått påvist smitte er no ute av isolasjon. Det er 9 personar som er i karantene i nokre dagar til, som følgje av tidlegare smittetilfelle i kommunen.