Austevoll kommune

Oppdatering om koronasituasjonen 5. november

Få lokale smittetilfelle, men stor auke i Bergensregionen.

I dag er det rapportert at ytterlegare éin person er smitta av covid-19. Tilfellet er i samanheng med andre som er smitta og ingen nye personar er sett i karantene.

Talet på smitta i kommunen er fire personar.

Kommunen opplever stor pågang av testing blant innbyggjarane, og oppmodar framleis om at ein tar kontakt med koronatelefonen på førehand for å avtale tidspunkt. Då kan dei dyktige medarbeidarane våre førebu testutstyr slik at testinga går raskt og saumlaust.

Regjeringa har innført nye smittevernreglar i dag. Les meir om dei nye tiltaka her.

I Austevoll følgjer smittevernlege, helsepersonell og kommunal kriseleiing situasjonen fortløpande.

I dag er det god kontroll og oversikt over smittesituasjonen i Austevoll. Det er til saman fire personar som er smitta, smittevegane er kjende, og personar som er berørte er anten i isolasjon (dei med påvist smitte) eller i karantene.

Det er også personar som sit i karantene i Austevoll som følgje av nærkontakt med smitta i andre kommunar, i hovudsak Bergen.

Dei nye nasjonale råda er strenge, særleg når det gjeld sosial kontakt. Det er likevel viktig å følgje desse slik at me klarar å slå ned smittespreiinga. Regjeringa har varsla at reglane kan skjerpast inn dersom smittetala held fram å auke.

Austevollbadet og andre kommunale institusjonar har gode smitteverntiltak på plass og vil førebels halde ope som vanleg.

Kommunen har god kontakt med dei lokale serveringsstadane, treningssenter og fysikalske institutt, og andre plassar der folk ferdast. 

Den førebelse vurderinga er at det ikkje er nødvendig å innføre strengare tiltak for desse bransjane, utover dei nasjonale reglane. Dette er også plassar som naturlegvis vil oppleve redusert pågang og aktivitet som følgje av råda om å vere med færre personar og halde seg mest mogleg heime. 

Breiddeidrett for vaksne, til dømes bedriftsfotball, bør også utgå i ein periode. 

Bruk munnbind dersom du reiser du kollektivt med båt, buss og ferje til Bergen og ikkje klarar å halde éin meters avstand til medpassasjerar. 

Med støtte i dei nasjonale råda oppmodar kommunen lokale arbeidsgivarar om å legge til rette for heimekontor der dette er mogleg.

Me ber alle innbyggjarar om å vere ekstra påpasseleg i perioden framover. Følg smittevernreglane, hald avstand, ha god hand- og hostehygiene, og unngå unødvendige besøk og reiser.

Kommunal kriseleiing i Austevoll har i dag vurdert at situasjonen ikkje tilseier ei ytterlegare innskjerping her hos oss, enn det som kjem frå nasjonalt hald. Kommunen følgjer også med på eventuelle tiltak som nabokommunar innfører. Det er ikkje usannsynleg at det vil vere nødvendig å innføre lokale tiltak på eit seinare tidspunkt.