Austevoll kommune

Oppdatering om koronasituasjonen 9. september

To nye personar har fått påvist korona. Smittesporing pågår for fullt og fleire vil truleg bli sett i karantene.

To nye smittetilfelle er stadfesta i dag, onsdag. I tillegg er det eit smittetilfelle som blei påvist laurdag ettermiddag.

Smittesporinga pågår, og kommunen legg til grunn at fleire vil bli sett i karantene.

Førebels er det fire personar som er i karantene som følgje av dette smitteutbrotet. I tillegg er det to andre personar som er i karantene ut denne veka, som følgje av tidlegare utbrot.

Blænes Bygg AS opplyser at butikken deira er stengt ut denne veka.

Gjennomførte testar

  • 7. september – 54 testar
  • 8. september – 31 testar
  • 9. september – 20 testar pr. kl. 12.30

Koronatelefonen 966 25 320

Koronatelefonen vår er open måndag til fredag. Telefonnummer 966 25 320.

Kommunen har god testkapasitet, men hugs å ta kontakt på førehand slik at me kan førebu testinga.