Austevoll kommune

Oppdatering om koronasituasjonen måndag kveld

Austevoll pleie- og omsorgssenter er tilbake i vanleg drift frå i morgon, tysdag.

Svara på gårsdagens testing av bebuarar på pleie- og omsorgssenter blei mottatt i dag.

Ingen av prøvane påviser koronasmitte.

Karantenen ved Austevoll pleie- og omsorgssenteret blir derfor oppheva frå i natt.

Det blir opna for besøk på alle avdelingar frå i morgon, tysdag.

Det blir også opna for at besøkande kan ta med sin bebuar på gå- eller trilletur ut av pleie- og omsorgssenteret.