Austevoll kommune

Oppdatering om koronasituasjonen sundag kveld

Eit nytt smittetilfelle blei stadfesta laurdag ettermiddag. Fire personar i karantene.

Eit nytt smittetilfelle blei stadfesta laurdag ettermiddag. Smittevegen er førebels ukjent, men det skal undersøkast nærare. 4 personar er i karantene.
 
Ei verksemd er ramma av smittetilfellet: Blænes Bygg opplyser at dei stenger butikken sin fram til 14. september.
 
Ein annan austevolling er i karantene etter å ha vore på besøk på Haukeland universitetssjukehus, der det er blitt påvist smitte ved fleire avdelingar.
 
106 personar har testa seg denne veka og av desse ventar kommunen framleis på 3 prøvesvar.
 
Koronatelefonen vår er open måndag til fredag. Telefonnummer 966 25 320.

Kommunen har god testkapasitet, men hugs å ta kontakt på førehand slik at me kan førebu testinga.