Austevoll kommune mottar i veke 9 totalt 100 dosar AstraXeneca- vaksiner. Desse er anbefalt å sette på prioritert helsepersonell under 65 år.
Alle kommunar vil framleis motta mRNA-vaksine som før. FHI anbefalar desse vaksinene til personar som er 65 år og eldre, samt til personer 18-64 år med sjukdommar/tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp.
Torsdag 4. mars held vi fram med vaksinering av personar mellom 75 og 84 år på helsehuset i 3. etasje.
Dei det gjeld vil få sms frå legekontoret med tildelt tidspunkt for vaksinering.
Du skal ikkje ringa for å bestilla time.
Levering av vaksiner er framleis låg, og det er førespegla at vi får 12 dosar til dose 1 i veke 9.
Av praktiske årsaker blir ektepar/sambuarar, som er registrerte på same adresse, vaksinert samstundes ut frå den eldste personen sin alder.
Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunen skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. Vaksinen er gratis og kvar person treng 2 dosar med minst 3 vekers mellomrom.
Austevoll mottar no fleire vaksinedosar slik at vaksineringa går litt raskare.
Austevoll kommune følgjer råd frå Folkehelseinstituttet (FHI) i prioritering av grupper.
Les meir om koronavaksinasjonsprogrammet på FHI sine nettsider
Vaksinasjon
Alle over 65 år blir kontakta av Austevoll legesenter for tidspunkt og oppmøtestad for vaksinering.
Vi held no på med vaksinering av innbyggjarar mellom 75 – 85 år.
Førebels mottek Austevoll kommune svært få dosar og det er viktig at prioritering blir fulgt.
Du skal ikkje ringe legekontoret for å bestille time.
Tidspunkt for dose 2 blir avtalt når du møter opp til første vaksinering, tidlegast etter 21 dagar.
Du skal ikkje ringe legekontoret for å bestille time.
Alle over 65 år blir kontakta av Austevoll legesenter for tidspunkt og oppmøtestad for vaksinering.
Førebels mottek Austevoll kommune svært få dosar og det er viktig at prioritering blir fulgt.
Prioritert vaksinasjon ved liten tilgong på vaksine
Ei tid framover vil vere avgrensa tilgong på vaksine slik at det førebels ikkje er nok vaksine for alle grupper som er inkludert i koronavaksinasjonsprogrammet. Folkehelseinstituttet vurderer fortløpande prioriteringsrekkefølgen.
Per 15.01.21 er prioriteringsrekkefølgen:
- Bebuarar i sjukeheim og utvalgte helsepersonellgrupper
- Alder 85 år og eldre og utvalgte helsepersonellgrupper
- Alder 75-84 år
- Alder 65-74 år og
personar mellom 18 og 64 år med sjukdommar/ tilstander med høg risiko for alvorleg forløp (merka med * i lista under).
- Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/ tilstand (sjå lista under)
- Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/ tilstand
- Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/ tilstand
- Alder 55-64 år
- Alder 45-54 år
Personar med følgande sjukdommar/ tilstandar er definert som medisinske risikogrupper:
- Organtransplantasjon*
- Immunsvikt*
- Hematologisk kreftsjukdom siste fem år*
- Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)*
- Nevrologiske sjukdommar eller muskelsykdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (til dømes. ALS, Downs syndrom)*
- Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon*
- Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
- Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdommar
- Diabetes
- Kronisk lungesjukdom, inkludert cystisk fibrose og alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroidar eller steroidtablettar siste året
- Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
- Demens
- Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unnatak av høgt blodtrykk)
- Hjerneslag
For meir informasjon sjå nettsida til Folkehelseinstituttet: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/
Det nye koronaviruset gir sjukdom i luftvegane. Mange får ingen eller milde symptom, men nokon blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei med enkelte andre sjukdomar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom eller å døy. Målet med koronavaksine er å beskytte liv og helse.
Her kan du laste ned informasjonsskriv om dette. (PDF, 53 kB)
Om du har folkeregistrert adresse i Austevoll, får du tilbod om vaksine i Austevoll.
Du vil bli innkalt. Etter minst tre veker blir du innkalt til dose 2.
Austevoll kommune vaksinerer i henhold til prioriteringar satt av regjeringa, desse kan de finne på Austevoll kommune nettside.
Fastlegen vurderer og fangar opp risikopasientar.
Vi har til no mottatt få vaksinedosar, per mars er vi i gruppe 2 (ref.prioriteringslistene på Austevoll kommune nettside).
Du får tilbod om vaksine i den kommunen du er folkeregistrert i.
Nei. Vaksinene s blir gitt etter prioritert rekkefølge satt av regjeringa gjennom det nasjonale vaksinasjonsprogrammet.
Vaksinen blir sett i prioritert rekkefølge i eit aldersspenn på 10 år. Av praktiske omsyn blir ektepar/sambuarar, som er registrerte på same adresse, forsøkt vaksinert samstundes ut frå den eldste personen sin alder. Alle vil få vaksine.
Om du er eldre enn 65 år vil ikkje sjukdom endre prioritering, men følge alderen din.
Er du under 65 år fangar legen din dette opp, og du vil bli prioritert i hht til den satte prioriteringsrekkefølgen.
Sidan vaksinene hindrer sjukdom vil dei også hindre smittespreiing, men vi veit ikkje enda i kor stor grad. Derfor er det viktig å fortsatt følge gjeldande smittevernråd.
Du vil motta ein SMS med tid og oppmøtestad.