Austevoll kommune

Oppdatert informasjon om koronavaksinasjon i Austevoll per 13. januar

Oppsette dager for koronavaksinering: tirsdag 18. og torsdag 27. januar klokka 15:30 – 19:00 på Austevollbadet.

Alle over 18 år kan vaksinerast med tredje dose minimum 20 veker etter dose 2.  Du kan sjekke din dato for andre dose på Helsenorge.no.

Me ber deg til bestille time via Helsenorge.no om du har fastlege i Austevoll, om ikkje kan du komme på drop-in utan avtale. Det har til no vore veldig stor pågang når lokalet opnar, me oppfordrar deg til å bruke heile opningstida for å unngå kø.  Austevoll kommune har mottatt rikeleg med vaksinedosar. Dessverre mottar vi Moderna-vaksina først til vaksinering torsdag 27. januar.  

Vaksinering føregår på Frivilligsentralen i Austevollbadet uavhengig av eventuell annan tekst du mottek på SMS. NB! Hugs munnbind. 

Tredje oppfriskningsdose

Alle som er eldre enn 18 år kan no få tredje dose 4,5 månader (20 veker) etter andre dose. Tabellen under viser når du kan få tredje dose

Når kan eg vaksinerast?

Når kan eg vaksinerast?
Kan vaksinerast Fekk andre dose i 2021
18. januar Veke 35 (30/8-5/9) eller tidlegare
27. januar Veke 36 (6/9-12/9 eller tidlegare

Dei det gjeld vil ikkje bli tildelt time, men må sjølv booke time via helsenorge.no eller møte opp på drop-in vaksinering. Om du ikkje får booka time på helsenorge.no, ber vi deg kome på drop in utan timeavtale. Austevoll kommune har rikeleg med vaksinedosar og det er ikkje naudsynt å booke time. Det vil vaksinert med Pfizer. Torsdag 27. januar er det også mogleg å bli vaksinert med Moderna.

Ta kontakt med legekontoret om det er naudsynt  å bli vaksinert utanom dei oppsette datoane.

Tredje dose blir anbefalt for å redusere risikoen for å smitte andre og for å minske sjansen for å sjølv bli sjuk. Beskyttelsen du får av første og andre dose mot å bli smitta av koronaviruset blir redusert over tid. Ein tredje vaksinedose vil friske opp denne beskyttelsen.

*Alle 45 år og eldre bør ta ein oppfriskningsdose så snart det er gått 20 uker sidan siste dose i grunnvaksineringa.

*Alle 18- 44 år med underliggende risikotilstander (opprinneleg prioriteringsgruppe 4 eller 7) bør ta ein oppfriskningsdose så snart det er gått 20 veker sidan siste dose i grunnvaksineringa.  Alle med alvorleg svekka immunforsvar bør ta oppfriskningsdose (dose 4) 3 månader etter siste dose i grunnvaksineringa.

* Alle andre 18 - 44 år kan ta en oppfriskningsdose minimum 20 uker etter siste dose i grunnvaksineringa viss dei ønsker. Dette gjeld også gravide.

* Oppfriskningsvaksinering er ikkje godkjent for dei under 18 år.

For meir informasjon angåande dose 3, sjå: Koronavaksine - helsenorge.no

Vaksinering i Austevollbadet i januar
Vaksineringa føregår på Frivilligsentralen, andre etasje i Austevollbadet. Det blir skilta. Det er opna for timebestilling 18. og 27 januar.  Om dei oppsette dagane ikkje passer, ta kontakt for individuell avtale på legekontoret.

Gravide
Gravide kvinner har høgere risiko enn ikkje-gravide kvinner på samme alder for å utvikla eit alvorleg forløp av covid-19, sjølv om den absolutte risikoen er låg. Det blir anbefalt at alle gravide fullvaksinerast mot covid-19 for ein god beskyttelse mot alvorleg sykdomsforløp av covid-19.  I dag anbefalast vaksinering for gravide i 2. og 3. trimester. Ved risikofaktorar hos mor eller høg smitterisiko kan ein også vurdera vaksinering i 1. trimester. Det er ikkje nødvendig å venta med å bli gravid etter vaksinasjonen. . Gravide er anbefalt å ta ein oppfriskningsdose når det er gått minst 20 veker etter andre dose. Vaksinasjon i svangerskapet vil også beskytte barnet etter fødsel. For meir informasjon, les mer om gravide og oppfriskningsdose (FHI).

Fjerde oppfriskningsdose

Personer med alvorleg svekka immunforsvar som allereie har mottatt 3 dosar i grunnvaksineringa tilbys ein fjerde oppfriskningsdose. Det må gå minimum tre månader mellom tredje og fjerde dose. For mer info, sjå under.

Vaksinasjon av 12-15 åringar
Dersom din 12-15 åring ikkje er blitt vaksinert, ver venleg å ta kontakt med helsestasjonen. Det vil fremover bli tilbod til dei som fyller 12 år i løpet av 2022. 

Vaksinasjon av 16 og 17 åringar
For personar som er fødde i 2004 og 2005 er det av FHI bestemt at det skal gå mellom 8 og 12 veker før dose 2. Ta kontakt på mobil: 966 34 495 om du ikkje er vaksinert med dose 1 eller 2.
Til deg som er fødd i 2004 og fyller 18 år i løpet av 2022 kan du vaksinerast med dose 3 når det er gått minst 20 veke sidan dose 2.

Tidsintervall
Minimum intervall mellom vaksinering av to Pfizerdoser er 3 veker. 
Minimum intervall mellom vaksinering av Pfizer og Moderna eller to doser Moderna vaksine er 4 veker.
MRNA vaksinene byggjer på same teknologi.

Koronavirus

Her finn du gjeldande informasjon og oversikt over råd og regler om koronavirus, vaksinering, vaksinesertifikat, smittekarantene/ isolasjon med meir her:

Koronavirus - helsenorge.no

 

Vaksinasjon