Austevoll kommune

Oppdatert informasjon om koronavaksinasjon i Austevoll per 14. september

Austevoll kommune held fram med ordinær vaksinering med timebestilling på Austevollbadet torsdagar, men nedskalerar gradvis tilbodet. Det er no viktig at alle som fekk første dose tidlegare enn 20. august bestillar time for andre dose. Austevoll har rikeleg med Moderna-vaksinar tilgjengeleg, og det vil ikkje i overskueleg framtid bli mogleg å bli vaksinert med Pfizer-vaksinen. Pfizer-vaksinar blir prioriterte til barn og ungdom mellom 12 og 15 år. Det er no mogleg for pasientar med alvorleg svekka immunforsvar å bestilla seg dose 3.

Tilbod om 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar
Regjeringa har beslutta å tilby 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar. Dei dette gjeld skal vurderast av spesialisthelsetenesta, men då dette kan ta noko tid bes pasientar som høyrer til denne gruppa om å bestilla time snarast.
For meir informasjon om kven dette gjeld, sjå spørsmål og svar: "Kven skal få 3. dose vaksine?" under her.

Pfizer og Moderna:
Fleire nordmenn får tilbod om vaksine frå legemiddelprodusenten Moderna når dei skal ta 2. dose, sjølv om dei fekk vaksine frå BioNTech/Pfizer som første dose. Austevoll kommune kan ikkje sjølv påverke kva vaksine kommunen får tilsendt. Det å kombinere vaksinar gir like god beskyttelse og medfører ingen større risiko for alvorlege biverknader, enn det å få vaksine frå same produsent. 

Koronasertifikatet viser berre den siste vaksinedosen som er satt. Det gir ikkje opplysningar om at du har fått to ulike vaksinar.

Kontaktinformasjon:
Lurar du på noko om koronavaksine og koronasertifikat skal du ikkje ringe fastlegekontoret. Mange telefonar blokkerer telefonlinjer for dei som treng helsehjelp. God og oppdatert informasjon finn du på helsenorge.no eller FHI. Finn du ikkje svar på spørsmåla dine der, finst det ein chat-funksjon på helsenorge sine sider. Ring 48 48 07 30 mellom kl 9-14 på kvardagar viss du framleis ikkje finn svar på spørsmåla dine.

Vaksinasjon av 12 til 15 åringar 
Det blei arrangert fellesvaksinering av elevar på ungdomsskulen fredag 10. september. Foreldra er informert og må gje samtykke. Dei som ikkje er tilgjengeleg for vaksinering på skulen, kan melde seg på for vaksinering på Austevollbadet torsdager - sjå link nedanfor her vedrørande samtykke.

Det vil bli vaksinering av elevar som har fylt tolv år i veke 38. Vaksineringen vil bli utført på skulen i skuletida i regi av Helsestasjonen. Begge foreldra må gje samtykke.

Samtykkeskjema må takas med dersom eleven skal vaksinerast på Austevollbadet eller utanfor skulen. Link til skjema: https://www.fhi.no/contentassets/1ae7bf6f4b0e4280ab87ae4bedbcb6fd/vedlegg/samtykkeskjemaer/bokmal_samtykkeskjema-ved-vaksinering-av-barn-og-ungdom-under-16-ar.pdf

12 til 15 åringar skal kun ha ein dose, fortrinnsvis Pfizer.


Vaksinasjon av 16 og 17 åringar
Austevoll kommune er godt i gang med vaksinering av 16 og 17 åringar. Det vil bli arrangert ytterlegare ein vaksineringsdag på vidaregåande skule for etternølarar. Dose 2 skal setjas med eit intervall på 8-12 veker. Dei dette gjeld vil bli informert.

Etter råd frå FHI har regjeringa no beslutta at alle fødd i årskulla 2004 og 2005 skal få tilbod om vaksinasjon på lik linje med den øvrige befolkninga fødd i 2003 eller tidlegere. Anbefalinga er basert på ein grundig gjennomgang av tilgjengeleg kunnskap og kan lesast her. FHI har to spesifikke anbefalingar for aldersgruppen 16-17 år: 

  • Som eit føre-var-prinsipp er det anbefalt at 16-17-åringane fortrinnsvis, og der det praktisk er mogleg, tilbys Pfizer/Comirnaty fordi det så langt er mest erfaring med bruk av den vaksina i denne aldersgruppa.
  • 16-17 åringane blir anbefalt eit intervall mellom første og andre dose på 8 - 12 veker. Årsaka til det er at unge har svært god immunrespons på vaksina, og vil vere beskytta mot alvorleg sjukdom etter første dose. Nye studier har vist at eit langt intervall kan gje ein betre vaksinerespons, og i tillegg vil det gje tid til å innhente mer kunnskap om risiko for myokarditt etter andre vaksinedose.

Elevar frå andre kommunar, som studerer i Austevoll inneverande skuleår, får tilbod om dose 2 vaksine ved vidaregåande skule i Austevoll. 

Tidsintervall
Beskyttelsen mot alvorleg sjukdom med Delta-varianten er god etter både første og andre dose, men to dosar er nødvendig for å sikre god beskyttelse mot smitte og mildere sjukdom.. Vaksinene har god effekt med eit intervall på 3-4 veker mellom første og andre dose. Samtidig viser studier at nivåa av beskyttande antistoff og forsvarsceller er noko høgere ved intervall på 6 veker eller meir, som kan tyde på at beskyttelsen vil vere noko betre med lengre intervall.

Minimum intervall mellom vaksinering av to Pfizerdoser er 3 veker. 
Minimum intervall mellom vaksinering av Pfizer og Moderna vaksine er 4 veker. Austevoll kommune mottar framover i hovedsak Moderna/Spikevax vaksinen og frå og med 26. august blir derfor tidsintervallet satt til minimum 4 veker. I vekene framover mottar vi i hovedsak Moderna vaksina, det er ikkje mogleg sjølv å velje kva for vaksine du skal bli vaksinert med. mRNA vaksinene bygger på samme teknologi.

Vaksinering på Austevollbadet torsdagar
Vaksineringen føregår i Frivilligsentralen, andre etasje på Austevollbadet. Det blir skilta. Ta med ID og munnbind ved oppmøte. No er det kun opna for timebestilling torsdag 23. september og torsdag 7. oktober frå kl 09:00-11:30. Dette blir mest sannsynleg dei to siste felles vaksineringsdatoane i Austevoll på ei stund. Vi ber deg kome til oppsett tid p.g.a. plassbegrensingar.

Det er nå stadig færre som mottar første dose, og vaksineringstilbudet nedskaleres. Det er nå viktig at eventuelle etternølare snarest avtal første dose. Vi oppmoder også til snarast å booke time for andre dose med minimum 4 vekers intervall. Bestill på helsenorge.no eller ta kontakt på 48 48 07 30 mellom 09:00 og 14:00. Det er og mogleg å komme på drop-in timar på vaksinedagane på Austevollbadet.

Når kan du tidlegast få dose 2:
Fekk dose 1 Kan tidlegast få dose 2
11. og 12. august 9. september
19. august 16. september
26. august 23. september
2., 4. og 9. september 7. oktober

 
Klikk for stort bilete Grafen viser vaksinar satt i Austevoll kommune. Per 09.09 er er 56.6 prosent av alle innbyggjar (5 274 stk)  i Austevoll ferdig vaksinerte. 3684 personar har fått minst ein vaksinedose, og av desse er 2985 ferdig vaksinerte. (Kjelde: FHI/Nasjonalt vaksinasjonsregister)

Informasjon om mottak av dosar
I
 vekene framover mottar vi i hovudsak Moderna vaksinen, det er ikkje mogleg å sjølv velje kva for vaksine du blir vaksinert med. Austevoll kommune har framleis rikeleg Moderna-vaksiner og det vil ikkje bli bestilt nye vaksineforsyningar før desse er blitt satt. Minimumsintervall mellom dosane er 4 veker, og andre dose må setjast innan det er gått 12 veker for optimal beskyttelse.

Om vaksineprogrammet:
Vaksineringt skjer etter prioriteringar satt av FHI. Les meir om koronavaksinasjonsprogrammet på FHI sine nettsider

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunen skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. Vaksinen er gratis og kvar person treng 2 dosar. Dei som har gjennomgått koronainfeksjon er å betrakta som fullvaksinert etter ein dose.

Vaksinasjon

 

Informasjon om elektronisk timebestilling for vaksine:
Kommunen sender ut brev via Digipost/eBoks/Altinn med tilbod om å bestille time sjølv for vaksinering på Helsenorge. Det blir sendt ut brev kvar fredag til dei dette er aktuelt for. Vi oppmodar deg til å opna dette elektronisk så snart som mogleg. 

  • Får du elektronisk brev via Altinn: Dersom du ikkje opnar brevet blir det sendt ut som brev per post. Grunna sein postgang vil dette ta tid.
     
  • Får du elektronisk brev via Digipost/Eboks: Dersom du ikkje opnar brevet blir det ikkje sendt ut som brev per post.
     
  • Dersom du har reservert deg for å bruka elektronisk post: Du får tilsendt brev per post. Grunna sein postgang vil dette ta tid.

For å bestille time for vaksine må du ha adresse og fastlege i Austevoll, ha norsk mobilnummer og elektronisk ID (BankID eller MinID). Brevet gir ein utfyllande beskrivelse. Vi understrekar at dette tilbodet berre gjeld dei som mottar brevet.