Austevoll kommune

Oppdatert informasjon om koronavaksinasjon i Austevoll pr. 29. november

All vaksinering 2. og 9. desember føregår på Frivilligsentralen i Austevollbadet (2. etasje) mellom kl. 09.00-14.30 - uavhengig av eventuell anna tekst du mottek på SMS. Det er også mogleg å komme på drop-in utan avtale desse dagane. Det vil kun bli vaksinert med Pfizer.

Vaksineringa med tredje oppfriskningsdose for dei over 65 år kan tidlegast setjast 5 månader etter andre dose. Dersom du har du time 9. desember, men ynsker vaksinering tidligare er det mogleg å komme på drop-in 2. desember. Du treng ikkje melde ifrå om dette på førehand. Har du ikkje fått time for 3. dose, ta kontakt på 966 34 495 eller 484 80 730.

Alle over 45 år og personar over 18 år i risokogrupper, kan vaksinerast med tredje dose minst 6 månader etter dose 2. Dei det gjeld vil ikkje bli tildelt time, men må sjølv booke time via helsenorge.no eller komme på drop-in vaksinering.

Har du ikkje blitt vaksinert med 1. eller 2. dose, og ingen av datoane over passar, ta kontakt for individuell avtale på mobil: 966 34 495 eller 484 80 730. 

Tilbod om 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar
Regjeringa har beslutta å tilby 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar. Dei dette gjeld skal vurderast av spesialisthelsetenesta, men då dette kan ta noko tid, bes pasientar som høyrer til denne gruppa om å bestille time snarast. For meir informasjon om kven dette gjeld, sjå spørsmål og svar: "3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar" under her.

3. dose som oppfriskande dose
Regjeringa har i tillegg beslutta å følgje Folkehelseinstituttet si anbefaling om å tilby ein oppfriskningsdose (boosterdose) koronavaksine til eldre og sjukeheimsbebuare.
 
Oppfriskningsdosen kan tidlegast setjast 5 månader etter dose 2. Det vil bli vaksinert kun med Pfizer då FHI anbefaler at vaksinen som vert tilbydd som oppfriskningsdose skal være godkjent til dette føremålet av det europeiske legemiddelbyrået EMA. Det er forebels kun Comirnaty (BioNTech/Pfizer) som har ei slik godkjenning. Austevoll kommune er i gang med dette arbeidet, og det er opna for elektronisk timebestilling 25. november samt 2. og 9. desember. Dei som ikkje tingar time sjølv, vil bli fanga opp og kontakta.

Vaksinasjon av 12-15 åringar
Dersom din 12-15 åring ikkje er blitt vaksinert, ver venleg og ta kontakt med helsestasjonen. Dette gjeld også dei som vert 12 år i løpet av år 2021.

Vaksinasjon av 16 og 17 åringar
For personar som er fødde i 2004 og 2005 er det av FHI bestemt at det skal gå mellom 8 og 12 veker før dose 2. Det vil bli vaksinering i Austevollbadet 25. november samt 2. og 9. desember. Det er også mogleg å få andre dose i den kommunen du går på skule/arbeider i. Elevar på Framnes skule vil få tilbod om andre dose i Norheimsund 30.november. 

  • Som eit føre-var-prinsipp er det anbefalt at 16 og17-åringane fortrinnsvis, og der det er praktisk mogleg, tilbys Pfizer/Comirnaty, fordi det så langt er mest erfaring med bruk av den vaksinen i denne aldersgruppa.
  • 16-17 åringane blir anbefalt eit intervall mellom første og andre dose på 8-12 veker. Årsaka til det er at unge har svært god immunrespons på vaksinen, og vil vere beskytta mot alvorleg sjukdom etter første dose. Nye studier har vist at eit langt intervall kan gje ein betre vaksinerespons, og i tillegg vil det gje tid til å innhente mer kunnskap om risiko for myokarditt etter andre vaksinedose.

Elevar frå andre kommunar, som studerer i Austevoll inneverande skuleår, får tilbod om dose 2 vaksine på den vidaregåande skulen i Austevoll. 

Tidsintervall
Beskyttelsen mot alvorleg sjukdom med Delta-varianten er god etter både første og andre dose, men to dosar er nødvendig for å sikre god beskyttelse mot smitte og mildere sjukdom. Vaksinene har god effekt med eit intervall på 3-4 veker mellom første og andre dose. Samtidig viser studier at nivåa av beskyttande antistoff og forsvarsceller er noko høgare ved intervall på 6 veker eller meir, som kan tyde på at beskyttelsen vil vere noko betre med lengre intervall.

Minimum intervall mellom vaksinering av to Pfizerdoser er 3 veker. 
Minimum intervall mellom vaksinering av Pfizer og Moderna vaksine er 4 veker.
MRNA vaksinene byggjer på same teknologi.

Vaksinering i Austevollbadet torsdagar
Vaksineringa føregår på Frivilligsentralen, andre etasje i Austevollbadet. Det blir skilta. Det er opna for timebestilling følgjande torsdagar: 25. november samt 2. og 9. desember. Dei som har fått første dose etter 4. september blir automatisk satt opp på time for andre dose. Andre må sjølv passa på å få satt andre dose innan 12 veker. Har du ikkje fått dose 1 eller 2 - og ingen av desse datoane passar, ver venleg og ta kontakt på mobil: 966 34 495 for vaksinering på legekontoret.

Om vaksineprogrammet
Vaksinering skjer etter prioriteringar satt av FHI. Les meir om koronavaksinasjonsprogrammet på FHI sine nettsider 
Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunen skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. Vaksinen er gratis og kvar person treng 2 dosar. For dei over 65 år er det tilbod om en tredje oppfriskningsdose. Den skal tidlegast setjast 5 månader etter andre dose. Dei som har gjennomgått koronainfeksjon treng ein dose mindre for å reknast som fullvaksinert.