Austevoll kommune

Oppdaterte nasjonale koronatiltak

Regjeringa har i dag lagt fram nye tilrådingar. Tiltaksnivå ved ungdomsskulen blir redusert frå raudt til gult nivå. Les meir her.

Regjeringa har i dag lagt fram nye tilrådingar. I store trekk blir tiltaka vidareført, men det er gitt nokre lempingar på tiltaka retta mot barn og unge. Austevoll kommune har den siste tida vore utan smittetilfeller.

Ungdomsskulen tar ned beredskapen frå raudt til gult i samsvar med nasjonal tilråding. Ordninga med heimekontor blir vidareført slik at alle tilsette som kan ha heimekontor, praktiserer dette inntil vidare.

Born og unge under 20 år kan no trena og delta på fritidsaktivitetar på vanleg måte, både inne og ute. Dei kan også drive slik aktivitet sjølv om det ikkje er mogeleg å oppfylle tilrådinga om 1 meter avstand. Dei må likevel vente med kampar, cuper, stevner og andre større arrangement.

Bygdekino kan opne opp der publikum sit i fastmonterte seter med tilstrekkeleg avstand. 
Vaksne kan etter tilrådinga ikkje drive organisert aktivitet innandørs. Utandørs kan dei trene om det er mogeleg å halde god avstand.

Grensa for å delta i private samankomster i eigen heim blir tillatt med opp til 5 personar. Utanfor eigen heim kan ein vera 10 personar (leigd lokale/serveringsstader). Utandørs kan ein invitere opp til 20 personar. Regjeringa vidarefører skjenkestopp på serveringsstader. 

Det vil fortsatt gjelde ei tilråding om å unngå reiser både innanlands og utanlands. 
Tiltaka vil bli vurdert på ny neste veke. Utviklinga av smittesituasjonen vil heile tida vere den viktigaste faktoren i vurderinga både nasjonalt og lokalt.