Oppheving av totalforbod mot open eld

Illustrasjon: Bilde av eit kaffibål - Klikk for stort bileteIllustrasjon: Bilde av eit kaffibål Austevoll kommune

Austevoll kommune vel å oppheva det ekstraordinære forbodet mot å gjera opp eld. Etter ei grundig vurdering har me kome fram til at det ikkje lenger er naudsynt å oppretthalde forbodet.

Bakgrunnen for opphevinga er basert på ei heilskapleg vurdering av fleire lokale forhold som har vorte følgde nøye. Vår kontinuerlege overvaking av situasjonen har vist at brannfaren ikkje lenger er overhengande stor i vår kommune.

Me har tatt omsyn til ei rekke faktorar i vår vurdering, mellom anna nedbørsmengder, skogbrannfareindeks, topografi og beredskap både internt og i regionen.

Det er likevel viktig å merke seg at det generelle bålforbodet framleis gjeld. Dette forbodet gjeld året rundt frå 15. april til 15. september, og det er viktig at innbyggjarane respekterer dette forbodet. Det er forbode å tenne opp bål og grille, inkludert eingongsgrillar, i eller i nærleiken av skog og anna utmark i denne perioden.

Me oppmodar alle innbyggjarar til å vere aktsame og ta kloke val når dei handterer eld utandørs, sjølv om det ekstraordinære forbodet no blir oppheva. Sjølv i tryggare periodar er det viktig å vere ansvarlege og ta omsyn til brannrisikoen.

Me takkar innbyggjarane i Austevoll for deira forståing og samarbeid i denne perioden med ekstraordinære restriksjonar. Me håpar og oppmodar alle til framleis å vere merksame og ta nødvendige førebyggjande tiltak for å unngå brannar.

Brannsikkerheit er eit felles ansvar, og saman kan vi oppretthalde trygge omgjevnader for alle.