Austevoll kommune

Oppstart av trening for kreftoverlevande

Velkommen på trening for deg som er kreftoverlevande eller under behandling!

Det blir oppstart av trening på Livsstilsenteret på Storebø fredag 13. januar kl 13.00 og annakvar veke fram mot våren. Torsdag 19. januar kl.14:00 startar det opp hos Fysioterapeut Margareth Økland Larsen på Selbjørn fysikalske institutt og også her er det annakvar veke fram mot våren.

Dette er eit gratis tilbod. Ikkje gå glipp av moglegheita.

Kontaktperson: Kreftkoordinator Kari Tveit Haugland - telefon 958 38 869.