På brua - eit nytt prosjekt innan eldreomsorga

Austevoll kommune er i startfasen av eit prøveprosjekt for eldre med interesse for det maritime. Vi har hatt ei gruppe med i prosjektet sidan 2023 og det har vore veldig kjekt.

Prosjektet heiter “på brua”, der vi ønsker å tilby dagar med innslag av kystkultur for seniorar her i kommunen, både damer og menn. Vi møtes annakvar torsdag fram til jul 2024 i små grupper på 5-7 personar.

I løpet av hausten skal vi besøke Austevoll vidaregåande skule der vi blant anna skal innom navigasjonssimulatoren. Vi skal også besøke nokre lokale bedrifter og kanskje ein tur innom forskingsstasjonen for omvising.
Enkelte torsdagar vil vi samlast på Storebø brygge for hygge og samvær med servering av eit godt måltid med fokus på kystkultur.

Vi tilbyr å køyre deg til og frå med seniorbussen. Bussen kjem om lag klokka 10.00 og du er heime att rundt klokka 14.00. Vi avtaler hentetidspunkt med deg på førehand.

Vi skal møtast følgande dagar hausten 2024:

Torsdag 5. september
Torsdag 19. september
Torsdag 3. oktober
Torsdag 17. oktober
Torsdag 31. oktober
Torsdag 14. november
Torsdag 28. november
Torsdag 12. desember

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål ta kontakt med heimetenesta eller direkte til Svanhild Iren Økland. Du kan nå ho på telefon 55 08 15 17 eller mobil 95 17 72 49. Du kan også sende ho ein e-post til svanhild-iren.okland@austevoll.kommune.no