Austevoll kommune

Påmelding til UKM: Fristen utsett! (Og UKM er utsett til 10. mars.)

Er du mellom 10 og 20 år og bur i Austevoll? Driv du med musikk, film, skriving, kunst, dans, teater eller noko anna som kan synast fram for eit publikum? Har du lyst til å syne fram det du driv med? Eller har du lyst til å vere med som arrangør?

Fristen for å melde seg på UKM i Austevoll er 15. februar!

UKM finn stad i kulturskulen på Storebø skule søndag 10. mars, og dette året blir UKM ein del av ei kulturmesse, der det og er andre arrangement.

UKM står for «Ung kultur møtast» og er open for både grupper og einskilddeltakarar.

Du kan melde deg på i ein av desse kategoriane:


- Scene
- Film
- Utstilling
- Konferansier
- Arrangør

 

Meld deg på på www.ukm.no innan 15. februar!

 

Helsing UKM i Austevoll,

Audun Alvsåker, kulturskulerektor
 

Fant du det du leita etter?