Austevoll kommune

Pengegåve frå Sparebanken Vest til BUA

Tusen takk Sparebanken Vest for gåva og for at de tok turen på besøk til oss. Pengegåva på kr 100.000 vil bidra til videreutvikling BUA Austevoll og skal nyttast til å kjøpa inn meir utstyr. 

Tysdag 20.09 fekk BUA Austevoll besøk av tre positive damer frå Sparebanken Vest. Frivilligkoordinator Margrethe Utkilen viste dei BUA konseptet, vår sjølvbetente løysing og alt det flotte utstyret BUA har. BUA Austevoll er svært takknemleg og glad for gåva frå Sparebanken Vest, dette vil komme mange til gode. "Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest støtter initiativ som skaper gode og inkluderende lokalsamfunn på Vestlandet. Vi håper på en mer normal hverdag fremover, og da trenger vi alle de organisasjonene som bidrar"

Hos BUA er det gratis å låne aktivitetsutstyr, og alle er velkommen uavhengig av alder eller økonomisk bakgrunn. BUA bidrar til meir aktivitet utan å auke forbruket.

Følg oss gjerne på facebook for fleire nyheiter, informasjon og tips frå BUA: BUA Austevoll

Opprett låneprofil hos BUA her