Austevoll kommune

Planstart for utbetring av Storebøvegen

Arbeidet med reguleringsplan for utbetring av vegen frå Vestbøbrekka til Eidsbøen er endeleg i gang.

Uoversiktleg og trafikkfarleg, trange flaskehalsar og vegskuldre i oppløysing. Behovet for utbetring langs fylkesveg 546 over Storebø er stort. 

Austevoll kommune har starta opp planlegginga av utbedring av vegstrekninga. Kommunen utfører planarbeidet på vegner av Vestland fylkeskommune.

Det første som blir gjort å lage reguleringsplan. 

I dette arbeidet skal ein legge opp til utviding av vegbanen, moglegheita for å samle og utbetre avkøyrslar, gjere trafikksikringstiltak, og blant anna etablere busslommer og overgangsfelt. 

Vegen over Storebø er hovudveg mellom øyene og til og frå ferjesamband. Det er skuleveg og i tillegg er gangvegen også turveg i kvardagen.

Vegstrekninga er om lag 2,2 km lang og på dei mest trafikerte delane køyrer det i gjennomsnitt 3.300 bilar i døgnet.

ABO Plan & Arkitektur har fått oppdraget med reguleringsplanarbeidet. 

Alle naboar til fylkesvegen har blitt varsla og kan komme med uttale til planarbeidet. Fristen er 17. desember i år.

Har du uttale til planen sender du det til:

offentlig.ettersyn@abo-ark.no

eller

ABO Plan & Arkitektur AS
Postboks 291
5203 Os

Har du spørsmål ta kontakt med kommunen eller ABO Plan & Arkitektur AS v/Mathilde Ilper Johnsen, e-post: mathilde@abo-ark.no, mobil: 92836077

Meir info finn du her

Planavgrensing (PDF, 2 MB)

Nabovarsel (DOCX, 725 kB)