Austevoll kommune

Pleie- og omsorgstenester har endra og redusert drift

Tilbod til den enkelte

  • Heimesjukepleie: reduksjon i tilbod
  • Heimehjelp: stopp i tenesta eller reduksjon i tilbod
  • Støttekontakt: stopp i tenesta
  • Avlastning: held fram, men med restriksjonar
  • Dagsenter: stopp i tenesta
  • VTA arbeid på ASV: stopp i tenesta

Eidsbøen bufellesskap har dialog direkte med den enkelte tenestemottakar/verje om tenestetilbodet.


Helseservicekontoret har endra og redusert drift

  • Kontoret er stengt for publikum.
  • Heimebesøk er erstatta av telefonsamtalar.
  • Du må rekna med auka sakshandsamingstid for søknader.
  • Det vert ikkje sett i vert nye ordningar innan tenesteområda støttekontakt, avlasting, heimehjelp, dagsenter, BPA.
     

Informasjon til innbyggjarar som har tenester og får reduksjon i tilbod

Desse vert informert via brev i digital postkasse eller per post. Alternativt vert det gjeve munnleg informasjon via telefon.

Støttekontaktar og avlastarar vert informert via brev i digital postkasse eller per post.

Ved spørsmål ta kontakt med Austevoll kommune

  • telefon 55 08 10 00
  • e-post postmottak@austevoll.kommune.no