Austevoll kommune

Positiv koronatest med ringverknader for skule

Ein elev ved Storebø skule har i helga testa positivt på covid-19. Klassen til eleven, 6 lærarar/assistentar og nærståande er sett i karantene. Smittetilfellet har kjent smittekjelde.

Elevar og føresette er informert direkte frå skulen. Elevane får digital undervisning i perioden, og skulen vil gje fortløpande informasjon om korleis undervisninga vil foregå i karanteneperioden. Det er ikkje avklart kva variant av covid-viruset som er påvist. Det blir utført testing av elevar og tilsette i helga slik at me så raskt som mogeleg kan få avklart situasjonen.