Austevoll kommune

Råd til julebord, halloween og sosiale samankomstar

I år legg covid-19 avgrensingar for julebord, store og små samankomstar. Regjeringa har varsla nye nasjonale tiltak som blir sett i verk frå og med onsdag 28. oktober.

Halloween, julebord, store og små samankomstar. Tida me står overfor er einstydande med sosiale lag og festar.

I år legg covid-19 avgrensingar for arrangement. Regjeringa har varsla nye nasjonale tiltak som blir sett i verk frå og med onsdag 28. oktober.

Tiltaka gjeld til og med byrjinga av desember.

Her er noko av det du bør vite:

Generelle tiltak:

  • Me tilrår at alle er saman med færre personar i sosiale samanhengar, i kortare tid og ikkje med for mange forskjellige personar i løpet av ei veke.
  • Hald deg heime og unngå å få besøk dersom du er sjuk.
  • Hald minst éin meter avstand til dei som ikkje er dine næraste*.
  • Ha god handhygiene med hyppig og grundig vask, eller bruk handsprit.
  • Hels og gratulér utan å klemme og handhelse.

* Kven som er dine næraste bestemmer du sjølv, men det bør ikkje vere for mange og de bør vere dei same over tid. For dei vil fleste vil «dei næraste» vere dei du bur med, kjærasten, næraste familie og nære vener.

Halloween og knask-eller-knep (trick or treat):

  • Kommunen rår frå at barn går knask-eller-knep for å unngå å bli smitta og smittespreiing.

Samankomstar i private heimar, hytter, hagar:

  • Du bør ikkje ha meir enn 5 gjestar på besøk, i tillegg til dei som bur i husstanden.
  • Dersom alle gjestane som kjem på besøk er frå éin og same husstand, då kan de vere fleire enn 5. Det betyr til dømes at to familiar kan møtast sjølv om dei har mange barn.
  • Avgrensinga på 5 personar gjeld likevel ikkje for barnehagekohortar og barneskulekohortar. Barn som er i same kohort i barnehage eller barneskule blir også unntatt frå avstandskravet på arrangement (éin-metersregelen).

Private samankomstar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale:

  • Det kan vere maksimalt 50 deltakarar.
  • For arrangement med faste sitteplassar gjeld framleis grensa på 200 personar. 
  • Det skal vere minst éin meter avstand mellom gjestane.
  • Alle som er til stades må vere friske.
  • Lokalet må vere stort nok til at arrangementet kan gjennomførast med gjeldande regel om avstand mellom gjestane.
  • Skriv ned namn og kontaktinformasjon til alle som er til stades.
  • Gjer det enkelt for gjestane å vaske hender, både når dei kjem og undervegs i arrangement.
  • Alkohol skal serverast ved borda på arrangement med skjenkeløyve.

Kva meinast med privat arrangement/samankomst?

Døme på private samankomstar er bursdagar, seremoniar, firmafestar og julebord.

I tillegg kjem konsertar, idrettsarrangement (ikkje trening), seminar, varemesse, religiøse samlingar og mellombelse marknader.

Kva meinast med offentleg stad?
Ein offentleg stad er definert som ein stad bestemt for alminneleg ferdsel eller ein stad der ålmenta ferdast.

Arrangement i lokale og utandørs areal som blir leigde eller lånte, inkludert hotell, grendahus, forsamlingshus, konferansesalar, blir også rekna som offentlege stadar. 

Meir informasjon: